Hopp til innhold

Fann denne kvalen i fjøresteinane

Ein gjeng som er på haustferie på Longva i Haram, vart overraska då dei oppdaga ein død kval i fjøresteinane. Dei har meldt frå til politiet.

Fann død kval på Flemsøya i Haram

Kvalen som vart funnen på nordsida av øya, er om lag sju-åtte meter lang.

Foto: Audhild Gregorisdotter Rotevatn

I dag var seks barn og to mødrer på tur på nordsida av Flemsøy/Skuløy i Haram. I fjøresteinane gjorde barna eit overraskande funn. Der låg ein stort kval på om lag sju-åtte meter.

– Ungane syntest det var svært spanande. Kvalen var diger og lukta ikkje så mykje endå, seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. Ho trur ikkje den har ligge død så lenge. 1. oktober gjekk dei same turen og då var der ingen kval. Andre NRK har vore i kontakt med såg kvalen liggande nært land ei veke før.

Barn fann død kval på Longva

Denne gjengen var svært overraska då dei fekk sjå den daude kvalen i fjøra. Tora Tormodsdotter Rotevatn Utne, Agnes Hellevik Bergstøl og Edit Hellevik Bergstøl. Framme frå venstre: Eir Tormodsdotter Rotevatn Utne, Signy Tormodsdotter Rotevatn Utne og Sigmund Hellevik Bergstøl.

Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Trur den har flote opp

Etter å ha sett på biletet, trur akvarist ved Atlanterhavsparken, Trond Østrem, at det er ein vågekval. Han trur kvalen har vore død lenge, men at den har flote opp frå havbotnen og enda i fjøresteinane. Vågekvalen kan bli opp til 50–60 år gamle. Han veit at mange har reagert på kvalen som vart funnen full av plastposar i magesekken utanfor Sotra.Om dette er tilfelle her, må kvalen i så fall dissekerast.

– Det er umogleg å vite kva kvalen har døydd av, men slike dyr døyr på lik linje med alt anna, seier Østrem.

Trond Østrem

Akvarist Trond Østrem seier at det ikkje er uvanleg at døde kvalar flyt opp frå havbotnen og opp i fjøresteinane.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Fantastisk å treffe ein kval

Det er nesten 200.000 vågekvalar i landet. Østrem har ikkje problem med å forstå at barna på hausttur vart fascinert over funnet.

– Det er klart at når du treff kvalar på 8–10 meter er det jo fantastisk å få sjå dei, sjølv om dei er døde. Det er spanande å sjå at det finst så store dyr i havet, seier Østrem.

Har meldt frå til politiet

Hos gjengen som er på haustferie på Longva er dei spente på kva som skjer med kvalen vidare. Kvalen ligg ikkje i nærleiken av hus.

– Vi lurer sjølvsagt på kva kvalen døydde av og kva som skjer med den, seier Rotevatn.

Etter å ha studert kvalen, tok dei kontakt med politiet.

Politiet seier at dei ikkje gjer noko anna i saka enn at dei varslar kommunen og Kystverket.

– Dei får vurdere om naturen skal ordne opp sjølv, seier operasjonsleiar Arild Reite ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Fann død kval på Longva

Det er uvisst kva som skjer med kvalen. Politiet skal varsle kommunen og Kystverket, slik at dei får vurdere om kvalen skal rotne opp eller flyttast.

Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn / N

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL