NRK Meny
Normal

Publikum serverte politiet båtmotor-bevis

Tips frå publikum førte til at politiet fann eit depot med stolne påhengsmotorar i Rauma, melder Romsdals Budstikke. Depotet skal høyre til åtte allereie varetektsfengsla rumenarar.

Brygga

Frå denne brygga i Rauma forsøkte tjuvane å stele motorar. Eigar av brygga, Gunnar Holm, var derimot på pletten og fanga tjuvane etter biljakt.

Foto: Ottar Rydjord

– Depotet ligg i Åfarnes-området, men på grunn av pågåande etterforsking kan vi ikkje gå ut med detaljert skildring av staden, seier politioverbetjent Kjell O. Moen til avisa.

Etter helga 17. og 18. august hadde det blitt stole sju påhengsmotorar i Rauma. I Sogn og Fjordane blei det same veka registrert 13 tilfelle av grove tjuveri frå fritidsbåtar. Mange liknande tjuveri har òg blitt meldt om på Sunnmøre.

Ferska av bryggeeigar

Førre onsdag var derimot bryggeeigar Gunnar Holm i Rauma på pletten då åtte tjuvar forsøkte å stele båtmotorar .

– Eg sat inne på kontoret mitt då eg såg tre menn utanfor snike seg om bord i ein båt som eg eig, fortalde Holm til NRK.

Då Rauma-mannen konfronterte tjuvane la dei på sprang, og heiv seg i ein ventande bil.

Motortjuveri

Przemyslaw D. Worecki og Pavel Kustra var ute og plukka opp båtmotorar som tjuvane hadde hive frå seg i flukta frå Gunnar Holm.

Foto: Ottar Rydjord

– Det var åtte stykke i bilen, så eg heiv meg i min bil og køyrde etter dei. Eg køyrde i 30–40 minutt, medan eg heldt kontakta med politiet, sa Holm.

Langs fylkesveg 660 i Nesset låg etter kvart båtmotorane strødd, og Przemyslaw D. Worecki og Pavel Kustra køyrde etter og fekk samla dei opp.

Etter den lange biljakta blei tjuvane stoppa og arrestert på Åfarnes, av politi frå Åndalsnes og Molde.

Mange saker tilbake i tid

I etterkant av saka har dei åtte rumenarane blitt varetektsfengsla i fire veker. Ingen av dei har innrømma forholdet, og før funnet på Åfarnes hadde ikkje politiet noko som knytte dei åtte til tidlegare båtmotor-tjuveri.

– Det er fleire som stel båtmotorar. I fleire tilfelle er det observert køyretøy frå andre nasjonalitetar, som Balkan, Estland og Litauen, sa Stig Lyngstad ved Molde politistasjon til NRK førre torsdag.

Likevel, berre frå mars 2013 og fram til no fann politiet i alt 22–23 tjuveri av påhengsmotorar berre i Eide og Rauma.

Lokalbefolkninga til stor hjelp

I dag onsdag blei det derimot klart at politiet har fått nye bevis mot dei åtte varetektsfengsla. Tips frå publikum har nemleg ført til at politiet har funne eit lager av stolne påhengsmotorar, skriv Romsdals Budstikke.

Politiet fortel til avisa at det var lokalbefolkninga som fann lageret før dei melde frå til politiet. Funna blir sett opp imot tjuveriet der dei åtte blei arrestert.

– No held vi fram med taktisk og teknisk etterforsking for å sikre bevis, opplyser Moen.