Hopp til innhold

Fanklubben må gjere seg klar til å skrive autografar

Eit comeback i hoppbakken for Anders Fannemel betyr også at fanklubben hans må bu seg på eit visst press på hopparenaer rundt om i Europa.

Stig Seljeset og Sverre Leivdal er begge med i fanklubben til Anders Fannemel

FANKLUBBEN: Når Stig Seljeset og Sverre Leivdal viser seg i Anders Fannemel-jakker må dei sjølve skrive autografar rundt om i Europa.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Når vi står der i jakkene våre blir folk nysgjerrige, seier Stig Seljeset frå Hornindal med eit smil om munnen.

Den tidlegare trenaren til Fannemel viser stolt fram jakka han brukar når han følgjer sin tidlegare elev rundt om på ulike hopparenaer.

– Dei lurer dei på kven vi er. Vi er mellom fem og ti personar som følgjer Anders fast i utlandet. Når folk får vite at vi har nære relasjonar til Anders, då må vi også skrive autografar. Så tek dei gjerne bilete av oss også, seier Seljeset.

Både nervøs og klar

Sjølv seier Anders Fannemel at han er spent før verdscupen.

– Eg føler meg veldig klar. Eg har vore litt nervøs, særleg då eg begynte å hoppe igjen etter skadeperioden. Eg veit ikkje kva eg kan vente av meg sjølv. Eg trur eg berre må prøve å hoppe bra, så får eg sjå etter kvart kva mål eg skal sette meg, seier han.

Anders Fannemel

Anders Fannemel er tilbake som deltakar i verdscupen i hopp.

Foto: Tore Meek / NTB

Comeback i Russland

Fannemel blei verdsmeister i skiflyging i 2016. Veteranen har vore ute sidan han øydela eit kne sommaren 2019. No gjer han comeback i verdscupen i russiske Nizjnij Tagil helga 20.–21. november.

Hopperne konkurrerer på Lillehammer

Landslagstrenar i hopp Alexander Stöckl.

Foto: Geir Olsen / NTB

Landslagstrenar i hopp, Alexander Stöckl seier Fannemel konkurrerte med to andre hopparar om den siste plassen på laget.

– Han har hatt ei god utvikling siste tida, noko som var avgjerande, seier Stöckl.

Har venta på dette

I Hornindal har Sverre Leivdal venta på friskmeldinga av Anders Fannemel, slik at han igjen kan heie på sambygdingen.

– Eg trur Anders kjem tilbake. No er det sju år sidan han vann sin første verdscupsiger nettopp i Nizjnij Tagil. Etter at han øydela kneet måtte han gjennom fleire operasjonar. Han har hatt tolmod til å halde ut. Det blir spennande å følgje med til helga, seier Leivdal.

Både Leivdal og Stig Seljeset er klare på at det ikkje er noko stress å skrive autografar når dei møter opp i jakkene sine.

– Det er heilt enormt. Det viser kor stor interesse det er for hopp utanfor Noregs grenser, ler Seljeset.

Stig Seljeset autograf

SPØR OM AUTOGRAFEN: Stig Seljeset i Anders Fannemel fanklubb får spørsmål om å skrive autografen sin ute i Europa.

Foto: Privat