Hopp til innhold

Denne flyndrefiskaren blei forveksla med niser fanga i garn

«To niser har gått seg fast i eit garn i Isfjorden. Hjelp er på veg.», melde politiet. Dei stakkars nisene var eigentleg to flyndrefiskarar.

Ton Hazes

Politiet trudde Ton Hazes frå Molde og kameraten var to niser fanga i garn.

Foto: Ottar Rydjord

– Eg tenkte kanskje at dei lurte på om eg fiska ulovleg. Så eg svømte mot kanten, men politiet blei sitjande i bilen og spurte meg ikkje om noko, fortel Ton Hazes.

Han er opphavleg frå Nederland, men har budd i Noreg i mange år. I Molde er han mest kjend som fektetrenar, samstundes som 62-åringen driv eit fruktpresseri.

Måndag ettermiddag var han ute i Isfjorden i Rauma for å fiske flyndre med harpun – noko han visste var lovleg.

– Det er fridykking, så eg hadde på meg våtdrakt. Eg fekk til saman 15 flyndrer, seier han.

Då Hazes og ein kamerat fiska trudde derimot folket i Isfjorden at dei såg noko heilt anna.

Laster Twitter-innhold

– Kanskje fartskontroll?

Politiet hadde fått melding frå folk på land som trudde dei hadde sett to niser faste i garn.

Ton Hazes og flyndrer

Ton Hazes fiska flyndre med harpun. Det trudde folk på land var niser i garn.

Foto: Ottar Rydjord

– Eg såg politiet og lurte på om det kanskje var ein fartskontroll?, seier Hazes.

Då han nærma seg politiet fekk han ikkje kontakt, så han og kameraten heldt fram med flyndrefiskinga.

– Då vi gjekk i land stod der ein med kamera og tok bilde av meg. Eg lurte på om det var for å dokumentere ulovleg fiske først, men så var det ein journalist, flirer Hazes.

Han og kameraten hadde blitt trudd å vere to fanga niser.

Mange misforståingar

Hazes fortel at dei hadde på seg fridykkingsutstyr med tau bak seg.

– Slik at når eg får flyndrer, så knyt eg dei fast i ei blåse der fisken heng under.

– Kva trur du er grunnen til at folk trudde du og kameraten din var to fanga niser?

– Dei såg vel mine svømmeføter, som er svarte, gå opp og ned og opp og ned. Eg leitar jo etter flyndre. Og på lang avstand har dei vel sett blåsa og oss som gjekk opp og ned, så då tenkte dei kanskje at det var niser som prøvde å kome seg ut av eit garn, seier Hazes.

Politiet måtte i alle fall, etter relativt kort tid, konkludere med at der ikkje var garnfanga niser i Isfjorden.

Laster Twitter-innhold

– Berre morosamt

Politiet måtte ut på Twitter og avkrefte at niser var fanga.

«I Isfjorden har ein fridykkar kome trygt opp av vatnet. Kunne til forveksling sjå ut som ei nise på avstand. Det var ikkje garn i området, men dykkaren hadde ei blåse med seg som følgde etter når han svømte.», oppklarte politiet.

– Det er jo berre morosamt, seier Hazes.

– Du har ikkje blitt forveksla med ei nise tidlegare altså?

– Eg har sett mange niser og spekkhoggarar, men eg har aldri blitt forveksla med ei nise, humrar flyndrefiskaren.

– Og vi et i alle fall flyndre i kveld, ikkje niser, avsluttar 62-åringen.

Politiet

Politiet måtte reise frå Isfjorden utan å ha funne fanga niser.

Foto: Ottar Rydjord