NRK Meny
Normal

Mann arrestert for familievald i Sula

Ein mann i Sula vart tatt med inn til arresten etter å ha vore valdeleg mot kona si natt til søndag.

Politibil - illustrasjon

ILLUSTRASJONSFOTO: Natt til søndag vart ein mann i Sula tatt med inn til arresten etter å ha vore valdeleg mot kona si.

Foto: Illustrasjonsfoto

Det var like etter klokka 02.00 at Sunnmøre politidistrikt fekk melding om familievald i Sula kommune.

– Det var ein meldar på staden som varsla oss, og vi rykte ut til ein bustad i Sula, seier operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt Tor-André Gram Franck.

Blir avhøyrt søndag

Mannen vart så tatt med inn til arresten i Ålesund.

– Han vil bli avhøyrt i løpet av søndagen og saka blir etterforska, fortel Gram Franck.

Kvinna vart kontrollert av helsepersonell, men skal ikkje ha alvorleg fysiske skader.

Sak blir oppretta.

Laster kart, vennligst vent...