Hopp til innhold

Familien Stolsmo Hegerberg er Heimebane-fans: – Fotballen er ei verd for menn

I den populære TV-serien Heimebane blir eliteserieklubben Varg trena av ei dame. Men Gerd Stolsmo ser ikkje for seg at nokon av døtrene hennar kan gå i fotspora til Helena Mikkelsen.

SOCCER-BALLON/

HEIMEBANE-FANS: Både Ada Stolsmo Hegerberg, Gerd Stolsmo og Andrine Stolsmo Hegerberg følgjer spent med på NRK-serien Heimebane. Men Gerd ser ikkje for seg at Ada eller Andrine kjem til å ende opp som trenarar i eliteserien, slik Helena Mikkelsen i TV-serien gjer.

Foto: BENOIT TESSIER / Reuters

– Eg trur nok ikkje det er realistisk. Mine jenter har nådd langt og sit godt i det, men dette er ei verd for menn. Det går berre framover med museskritt, seier Stolsmo.

Ho er mor til Ada, PSG-spelaren som vart kåra til verdas beste i fjor, og Andrine, som spelar i Lyon.

Heimebane

Ane Dahl Torp og John Carew som Helena Mikkelsen og Michael Ellingsen i Heimebane.

Foto: Motlys / NRK

Heile familien følgjer med på Heimebane. NRK-serien handlar om Helena Mikkelsen – spelt av Ane Dahl Torp – som trenar eliteserieklubben Varg.

– Det er ein fantastisk serie som er veldig realistisk. Eg gløymer nesten at det er ein serie. Eg skulle så gjerne ønskt eg kunne ringe til Helena Mikkelsen og prata med ho, seier Gerd Stolsmo.

Laster Twitter-innhold

– Isolert sett gode nok

Men trass i at ho og døtrene likar serien så godt meiner ikkje Stolsmo det er realistisk at eit herrelag i toppfotballen blir trena av ei kvinne med det første.

Ada Stolsmo Hegerberg

Ada Stolsmo Hegerberg fekk den høgaste individuelle utmerkinga ein fotballspelar kan få då ho vann gullballen i desember.

Foto: EMMANUEL FOUDROT / Reuters

– Damene må begynne på botnen, gå gradane og bevise så mykje meir enn menn, seier Stolsmo.

Og dermed trur ho heller ikkje at nokon av døtrene hennar kjem til å ende opp som eliteserietrenarar, sjølv om dei er kvalifiserte nok og vel så det.

– Andrine og Ada kjem heilt sikkert til å engasjere seg etter at dei er ferdige som spelarar. Dei kjem til å vere gode førebilete. Isolert sett hadde dei takla bra å trene eit eliteserielag, men eg trur ikkje det skjer. Og det er ikkje slik at eg drøymer om det heller, seier Gerd Stolsmo.

Ikkje nærare no

I helga vart den første episoden i sesong 2 av Heimebane sendt.

Serien set fokus på ei rekkje dagsaktuelle problemstillingar. Den første sesongen handla spesielt om alle problema ei kvinne kan møte som trenar for eit topplag for menn.

Men framleis er det altså berre menn som er hovudtrenarar for herrelaga i toppfotballen, det vil seie dei to øvste divisjonane.

Dan Eggen

Dan Eggen er glad Heimebane aukar bevisstheita rundt kvinner i herrefotballen.

Foto: NFF

Og slik kjem det kanskje også til å bli vidare?

– Vi er ikkje nærmare no, men serien aukar bevisstheita rundt temaet, seier Dan Eggen, seksjonsleiar for trenarutdanning i Norges fotballforbund.

Ifølgje den tidlegare landslagsspelaren er det sju-åtte kvinner som har såkalla Pro-lisens og dermed kunne ha trena eit eliteserielag, mot rundt 120 menn.

– Så allereie der har vi ein skeivskap. Og i utlandet er den endå tydelegare. Men eg håper vi får kvinner som tek over eliteserielag etter kvart, og som eit steg på vegen ser vi kanskje kvinner som hjelpetrenarar for eliteserielag, vurderer Dan Eggen.

Ada og Andrine Stolsmo Hegerberg (t.h.) med mor Gerd mellom seg

Ada Stolsmo Hegerberg, Gerd Stolsmo og Andrine Stolsmo Hegerberg etter at Stabæk vann cupen i 2012.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix