NRK Meny
Normal

Familiebok har blitt publikumsfavoritt

På ein knapp månad har Edvard Hoem si siste bok blitt trykt opp i 35 000 eksemplar.

Edvard Hoem

Bøkene til Edvard Hoem sin grandonkelen som utvandra til Amerika har blitt svært populære.

Foto: Roar Strøm / NRK

Den nye boka «Bror din på prærien» er oppfølgaren til «Slåttekar i himmelen», som kom i fjor. Bøkene er ei realistisk forteljing frå norsk 1800-tall, om husmenn, fattigfolk, storkarar, kjærleik, lyst, familieliv og nordmenn som søker lykka i Amerika når framtida i Noreg verkar stengt.

Edvard Hoem

I desse dagar går Edvard Hoem frå bokhandel til bokhandel for å signere si siste bok.

Foto: Roar Strøm / NRK

I desse dagar går forfattaren frå bokhandel til bokhandel for å signere si siste bok om grandonkelen, som utvandra til Amerika. Edvard Hoem si siste boka kom 13. november og har allereie eit opplag 35000 eksemplar.

– Det var nokre dagar der det gjekk tomt for boka, og kundane vart heilt frå seg, seier Frøydis Austgard, ved ARK i Molde.

Forfattaren sjølv innrømmer at han blir overvelda av responsen.

– Det ser ut til at denne boka dreg med seg den førre boka fordi mange vil lese den først. Det har ført til mange lesarar, og det sett eg veldig stor pris på, seier Hoem.

Populære bøker

Torsdag møtte Hoem lesarane i Molde, og mange hadde tatt turen for å sikre seg eit signert eksemplar under juletreet.

Inger Gjendemsjø

Inger Gjendemsjø var ein av dei som sikra seg eit signert eksemplar av Edvard Hoem si nyaste bok.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Eg likar veldig godt det som Hoem skriv, og eg har nesten alle bøkene hans, seier Inger Gjendemsjø.

Hoem tru det er fleire ting som gjer bøkene hans så populære.

– Eg trur det er fleire faktorar som spelar saman, i tillegg til at det er ein utruleg viktig del av norsk historie som det har blitt skrive lite om. For meg har det vore viktig å fortelje historia på begge sider av Atlanterhavet, seier hann.

Til saman har hans to siste slektsromanar om utvandringa eit opplag på nesten 100 000 bøker. Samtidig lover han at siste ord ikkje er skrevet om romsdalingen Eilert på prærien i Amerika.

– Eg må fortelje historia ferdig, seier Hoem som kan avsløre at han allereie har starta på den neste boka i serien.