Hopp til innhold

Familie på fire berga etter motorhavari

Det vart satt i gang ein redningsaksjon etter at ein familie fekk motorstopp i ein fritidsbåt på Aspøya i Tingvoll. Politiet frykta at båten skulle gå på grunn, men ein lokal fiskebåt berga dei.

Båt måtte bergast i Freifjorden

Båten fekk assistanse frå Redningsselskapet og kom seg trygt i hamn.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det var klokka 15.30 at politiet og Hovedredningssentralen fekk melding om ein familie på fire som var i havsnaud. Fritidsbåten deira fekk motorstopp og dreiv mot land. Redningsskøyta Erik Bye vart tilkalt, men ein lokal fiskebåt låg nærare. Det bles friskt i området.

– Fiskebåten nådde fram før båten gjekk i fjøresteinane. No blir båten slept til ei småbåthamn i Frei, der politi og ambulanse står klare, seier Frode Gjøsund.

Han er operasjonsleiar ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Ein av personane ombord skal vere skadd etter eit fall i båten.

Aspøya

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL