NRK Meny
Normal

Falske alarmar er eit stort problem for brannvesenet

Over halvparten av alle utrykkingane som brannvesenet er ute på skuldast automatiske alarmar. Mange av desse er falske og brannvesenet brukar mykje tid og ressursar unødige utrykkingar.

Brannbil illustrasjon

ILLUSTRASJONSFOTO: Kvar dag rykker brannvesenet ut på automatiske brannalarmar ulike stadar i fylket. Mange av desse er ikkje brann og kostar brannvesenet mykje tid og ressursar.

Foto: Heiko Junge / Scanpix

Kvart år bruker brannvesena i fylket mykje tid og store ressursar på å rykke ut på hundrevis automatiske brannalarmar. Ofte er det ikkje brann, men andre ting som utløyser alarmane. Problematisk, meiner brannvesenet.

– Nærare 60 % av alle utrykkingane våre er automatiske brannalarmar. Ei av dei største utfordringane er at vi køyrer rundt i bygatene så ofte som vi gjer med store køyretøy og kan lage trafikkfarlege situasjonar, seier Arne Sigurd Hansen, avdelingsleiar ved brannvesenet i Ålesund.

Fleire årsaker

Kontorbygg, forretningslokale, skular, sjukeheimar og ulike kommunale bygg er blant plassane der alarmen går. Ifølgje Hansen er det fleire ting som kan løyse ut desse alarmane

– Det kan vere at alarmen blir plassert feil slik at den lett blir løyst ut, eller at feil type alarm blir brukt. Medan enkelte unnlèt å ha service på anlegga sine og får då ei feilmelding som igjen løyser ut ein alarm hos oss, seier han.

Ole Andreas Søvik

Ålesund kommune jobbar både med rutinane og dei tekniske systema for å redusere unødige utrykkingar til sine bygg.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

I Ålesund er det kommunen som har ansvaret for ein del av bygningane som brannvesenet må rykke ut til. Ålesund kommune har sett iverk tiltak for å redusere talet på unødige utrykkingar, og jobbar både med dei tekniske systema og rutinane sine.

– Vi ser at i nye bygningar og der det er nye anlegg så kan det vere ei innkøyringsfase på dei tekniske løysingane som fører til unødige utløysingar. Dersom dette fortset er det ofte rutinane i sjølve bygget som spelar inn.

– Då er tett kontakt med både bebuarar og brukarar viktig. I tillegg er det viktig med ein tett dialog med brannvesenet om korleis vi skal takle situasjonane på ein god måte, seier Ole Andreas Søvik, dagleg leiar for Ålesund kommunale Eiendom (ÅKE).

Men han vektlegg at tryggleiken til bebuarar og brukarar blir prioritert først.

– I systema våre fins det ei moglegheit for å slå av varslinga dersom alarmen er falsk. Men av omsyn til sikkerheita så vil vi heller at brannvesenet rykker ut ein gong for mykje, enn ein gong for lite, seier Søvik.

– Ei utfordring

Også Hansen vektlegg at sikkerheita kjem først.

Arne Sigurd Hansen

Arne Sigurd Hansen fortel at brannvesenet brukar mykje tid og ressursar på falske alarmar.

Foto: Remi Sagen / NRK

– I dei tilfella det er brann så gir dei automatiske brannalarmane tidleg varsling, noko som kan vere viktig.

Å ta seg betalt for gjentatte utrykkingar som følgje av falske alarmar, og tett dialog med huseigarar og bedrifter, har vore med på å redusere talet på unødige utrykkingar.

– Huseigar må betale frå den andre falske alarmen. Vi jobbar mykje med opplysningsarbeid og bruker store ressursar på å få ned talet på unødige utrykkingar.

Men problemet er framleis stort. Unødige utrykkingar kan mellom anna stele dyrebar tid frå andre viktigare oppgåver som brannvesenet har.

– Det er ei stor utfordring for oss. Vi må jo køyre ut med eit vaktlag og ein brannbil som er ute i ein times tid på noko som kunne vore unngått, seier Arne Sigurd Hansen, avdelingsleiar ved Ålesund brannvesen.