NRK Meny

Falsk faktura frå Telenor

Tysdag i førre veke blei Telenor varsla om at det har blitt sendt ut store mengder svindel-epostar med faktura i Telenor sitt namn. Både Telenor og politiet lokalt oppmodar mottakarane til å slette denne eposten. Telenor har også varsla fleire kundar direkte, og har avdekt at dersom ein opnar fakturaen kan det gjere andre bilde, dokument og filer uleselege.