Hopp til innhold

Fall under bildetaking

Mannen som omkom i ei fallulykke ved Trollstigen i går ettermiddag, fall utfor ein skrent i samband med biletetaking. Det opplyser politiet. Mannen i 40-åra var i eit turfølgje saman med to andre då uhellet skjedde. – Då dei skulle ta bilde fall mannen bakover over eit rekkverk og ned i elva. Han stod i utgangspunktet på trygg grunn, men har vore uheldig og mista balansen, seier Vebjørn Bale, lensmann i Rauma.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL