Hopp til innhold

Svært alvorleg for mann som fall frå stillas

Ein arbeidar fall åtte meter frå eit stillas på Skansekaia i Ålesund. Han er svært alvorleg skadd og sendt til St.Olavs Hospital i Trondheim.

Skansekaia

Ein arbeider fall ned frå eit stillas i Ålesund i ettermiddag.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Politiet fekk melding om ulykka klokka 14.40. Mannen arbeidde på eit stillas på ein byggeplass, og undersøkingar politet har gjort tyder på at arbeidaren har falle ca åtte meter.

– Basert på vitneforklaringar har truleg stillaset mannen stod på rulla. Det eine hjulet trilla ned i eit hol og stillaset velta, opplyser politiet.

Ambulansepersonellet arbeidde med den skadde personen på staden, før han vart sendt til sjukehuset i Ålesund. AMK-sentralen meldte at den skadde var medvitlaus og at han mogleg har brot på hovudskallen.

Like før klokka 18 opplyser Helse Møre og Romsdal at mannen i 30-åra er svært alvorleg skadd og at han er flytta til St.Olavs hospital i Trondheim.

Arbeidstilsynet blir varsla.

Oversikt over Skansekaia
Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL