Hopp til innhold

Fakkeltog i Ålesund

Måndag 25.juli klokka 18 samlar folk seg til minnemarkering i Ålesund for dei som miste livet i terroråtaket i Oslo og på Utøya.

Minnemarkering utenfor Domkirken i Oslo.

Mange menneske i alle aldrar hadde laurdag teke turen til Oslo Domkirke for å tenne eit lys for å heidre dei omkomne.

Foto: Morten Holm / Scanpix

- Vi skal samlast saman i sorg, i solidaritet, og i styrke, vi skal minne dei som miste livet 22. juli for at ein person ikkje stod bak dei same verdiane som Noreg ellers gjer, skriv ein av initiativtakarane, Steffen Falkevik, på Facebook.

- Vi skal vise at vi står samla, og er sterk i denne stunda, og at vi ikkje let oss tie av bomber, at vi ikkje let oss undergi av skyting. Vi er sterke saman for det norske demokratiet.

Står saman mot terror

Steffen Falkevik

Steffen Falkevik frå Unge Venstre er ein av initiativtakarane til fakkeltoget som skal vere i Ålesund sentrum måndag

Foto: Trond Vestre / NRK

Alle ungdomspartia i Ålesund, samt Ålesund Røde Kors står bak fakkeltoget. Falkevik sjølv er frå Møre og Romsdal Unge Venstre.

- Vi planlegg å starte på St.Olav's plass klokka 18, og vil gå i tog til torget der det vil vere ei markering med apellar og tenning av lys, seier Falkevik til NRK.

- Eg oppfordrar alle til å innvitere sine vennar og spre ordet fort.

Fleire stadar i landet samlar folk seg for å heidre minnet til dei omkomne, og for å vere saman i sorga. Statsminister Jens Stoltenberg heldt ein kjensleladd tale under minnegudstenesta i Oslo domkirke i dag. Han understreka at ingenting kunne erstatte tapet, men at han og resten av folket stiller opp for dei som treng støtte og trøst.

- Tenk så mykje kjærleik vi alle kan vise saman

Stoltenberg siterte også ei AUF-jente som overlevde skytinga på Utøya, og som vart intervjuet av CNN.

– Ho sa: Om en mann kan vise så mye hat, tenk så mykje kjærleik vi alle kan vise saman.

Då justisminister Knut Storberget kom til domkyrkja hadde han ein klar og tydeleg bodskap.

– No må vi gjere alt vi kan for å ta vare på kvarandre.

Steffen Falkevik oppmodar alle om å møte opp og gå i fakkeltog i morgon for å minnast dei omkomne. Han understrekar at dette er eit arrangement som er oppretta som partipolitisk-, organisasjons- og personuavhengig arrangement, og som ein del av ei nasjonal markering.

Aalesund Røde Kors opnar Røde Kors- huset i Keiser Wilhelmsgate etter fakkeltoget.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL