Hopp til innhold

Fagforeiningsleiar klagar på rådmannen - men visste det sjølv

Fagforeiningsleiar Astrid Rønning klagar på dårleg informasjon til dei tilsette etter at rådmannen tysdag gjekk ut i NRK og fortalde at det kan bli vanskeleg å betale ut løn etter jul. Men vedgår at ho visste det sjølv, utan å varsle.

Astrid Rønning

Astrid Rønning i Fagforbundet vedgår at fagforeiningane har visst om tankane til rådmannen i haust, utan å informere dei tilsette.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Intervjuet som rådmann Arne Ingebrigtsen gav til NRK Møre og Romsdal tysdag, har vekt reaksjonar. Her fortalde han at det i verste fall kan bli vanskeleg å betale ut løn til dei vel 2 000 tilsette i Kristiansund kommune etter nyttår.

No kritiserer Fagforbundet i kommunen rådmannen for måten han informerte dei tilsette - via media. Men vedgår samstundes at fagforeiningane har visst dette i heile haust.

– Som tillitsvalde syns vi dette intervjuet er uheldig i forhold til den uroa det skaper, seier Astrid Rønning, som er leiar i Fagforbundet i Kristiansund kommune.

– Men de som er tillitsvalde har jo visst om dette, kvifor har de ikkje informert medlemene dykkar sjølve?

– Tillitsvalde har heile tida visst om den økonomiske situasjonen og at det i verste fall kan føre til at tilsette ikkje får løn. Men vi har enno ikkje kome til det scenarioet og difor har vi ikkje gått ut til medlemane, seier Rønning.

Ho presiserer også at det er arbeidsgivar som har informasjonsplikt dersom dette skulle bli ein realitet.

- Lurer på om dei skal gå på arbeid

For mange av dei om lag 2000 kommunetilsette kom meldinga om den eventuelle lønnsstoppen uventa, og fagforeiningane har tysdag fått ei rekkje reaksjonar frå dei tilsette.

– Enkelte lurer på om dei skal gå på jobb i morgon, dersom dei ikkje er garantert løn, seier Rønning.

– Vi reagerer mest på måten informasjonen kjem ut på. At dette er det som folk ser når dei står opp om morgonen, legg ho til.

– Frykteleg å høyre om det i radioen

Tysdag morgon melde NRK Møre og Romsdal via nettsidene sine og i radioen at rådmannen seier det i verste fall kan bli nødvendig å nekte å betale ut løn etter nyttår. Kommunen er i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon.

Det er frykteleg for dei tilsette å sjå dette på nett og høyre om det på radioen, det er jo lønna vi lever av, så dette skaper uro, seier Rønning.

Ho seier til NRK tysdag ettermiddat at Fagforbundet no sender ut ein sms til alle medlemer med informasjon om situasjonen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL