Det er færre som går folkehøgskule enn på mange år. Berre på to år har elevtalet falle med 10 prosent, altså er det 700 færre elevar.
På Nordmøre Folkehøgskule har berre 36 elevar begynt på årets skuleår. Dei har allereie begynt å bygge ned staben for å tilpasse seg.
– Vi slit. Vi skulle hatt 75 elevar, det er ingen gode tal. Heldigvis har vi drive godt i mange år og toler ei vinternatt eller to, men vi toler ikkje mange, det seier seg sjølv, seier rektor Kristian Lund Silseth.
– Eg trur at dei økonomisk dårlege tidene har mykje å seie. Folkehøgskule er ein overskotsting. Du blir ikkje ferdig røyrleggjar eller akademikar av å gå her. Du gjer det som eit påfyll-år, for å utvikle deg sjølv og finne ei retning, seier rektor Kristian Lund Silseth på Nordmøre Folkehøgskule.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK– Høyrest ut som ein hyttetur
Elevane Hanna, Mia, Lisa og Ada har valt å gå på Taekwondo-linja på Nordmøre Folkehøgskule. Dei har gjort seg opp nokre tankar om kvifor ikkje fleire gjer som dei.
– Folk tar seg rett og slett ikkje råd til det. No har alt blitt veldig dyrt. Enkelte vel heller å jobbe eit år så dei har råd til studiar vidare, seier Mia Kjerstad-Schønefeld.
Mia Kjerstad Schønefeld.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKJentene trur folkehøgskulane kunne vore betre promotert. Ingen av dei fekk høyre om folkehøgskule frå den vidaregåande skulen sin.
– Eg fekk ikkje høyre noko om kva folkehøgskule var, bortsett frå via andre vennar som hadde gått der. Og vaksne som sa «det er veldig bra, det må du». Alle eg snakka med klarte ikkje å sjå for seg kva det er, det høyrest ut som ein hyttetur eigentleg, seier Lisa Victoria Ferkingstad Lorentzen.
– Det var ikkje nemnt. Og på sosiale medium er det ikkje mykje promotering. Eg fekk vite om folkehøgskule på grunn av stemora mi, seier Kjerstad-Schønefeld.
Folkehøgskule er eit skuleslag utan karakterar, kor elevane bur på skulen og får fordjupe seg i det ein vil. Målet er gjerne at ein skal vakse som menneske.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKØkonomien spelar inn
Rektoren skulle gjerne ha visst kvifor det er blitt slik, men han trur dei økonomiske tidene elles i samfunnet er ein av grunnane.
– Vi må tenke at det er noko vi har gjort feil. Vi har kanskje ikkje vore spennande nok eller proaktive nok i å utvikle oss. Dette er noko vi ser på parallelt med det andre heile tida no, tenkje utvikling og kva vi skal tilby neste år som skal freiste ungdom til å kome hit, seier Lund Silseth.
Det er fleire folkehøgskular som har slite med låge søkartal. Ringsaker Folkehøgskole blei nettopp lagt ned, då dei hadde færre enn 20 søkarar.
Ada Øydvin Mæhre er Taekwondo-elev på Nordmøre Folkehøgskule i Surnadal.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKHeng igjen frå koronatida
At det særeigne skulekonseptet ikkje er godt nok kjent, er Dorte Birch heilt samd i. Ho er dagleg leiar på Informasjonskontoret for folkehøgskolen.
Dei sett no i gang ei større satsing på Snapchat, men det er å nå ut til dei vidaregåande skulane dei ser på som viktigast.
Dorthe Birch er dagleg leiar på Informasjonskontoret for folkehøgskolen.
Foto: Torbjørn Brovold / NRK– Det er dårlege tal akkurat no. Det er litt etterdønningar etter korona kor vi ikkje fekk besøkt dei vidaregåande skulane eller utdanningsmesser. Så vi reknar med at det er ein del ungdommar som ikkje veit om folkehøgskule, seier Birch.
No skal søkartalet opp igjen
Ho er på ein stor folkehøgskulekonferanse i Sandvika. Der er rekruttering eit ekstra heitt tema i år.
– No sit alle folkehøgskulane her inne og prøver å hjelpe kvarandre og gje tips. Dei som har fulle skular deler sine erfaringar og alle lærer av kvarandre, seier Birch.
Elevar på Nordmøre Folkehøgskule.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKFør sommaren såg det faktisk endå verre ut, men opptaket tok seg opp særleg i august. Elevane bestemte seg ekstra seint i år.
– Vi ser også at støtta frå Lånekassen er veldig sentral, for når dei auka denne no i vår, rann det inn mange fleire søknader. Vi må også bli flinkare til å fortelje ungdomen at både hybel, mat og studieturar er inkludert i prisen. Dei treng ikkje så mykje meir pengar enn det dei betaler i skulepengar, seier Birch.
Journalisten er tidlegare elev på Nordmøre Folkehøgskule.