Fleire unge får arbeid eller anna aktivitet og færre går på sosial stønad. Ungdomsmottaket har kontor på Aetat og er bemanna med både sosialkonsulent og arbeidsrettleiar.
Kristiansund er den einaste staden i fylket der det blir satsa på eit slikt ungdomsmottak. Ein liten start på ein reform som skal ver fullført i 2010, der Aetat, Trygdeetaten og sosialkontor blir slått saman.
Godt resultat
Ungdomsmottaket i Kristiansund har vore ope sidan sist haust, men samordninga mellom Aetat og sosialkontoret har vart i fleire år.
Sosialsjef i Kristiansund, Geir Nordli, seier resultatet er at det har vore ein nedgang på 20-23 prosent i talet på ungdom som mottek hjelp frå sosialkontoret dei siste tre åra.