Hopp til innhold

Færre unge arbeidstakarar

Om ti år kjem kvar fjerde person i fylket til å vere 67 år eller eldre medan talet på unge arbeidstakarar kjem til å gå ned, viser tal som fylkesplansjef Ole Helge Haugen presenterte under ein stor konferanse i Molde torsdag. Han seier utfordringane for mindre sentrale kommunar blir mangelen på arbeidskraft. – Antall i arbeidsfør alder går ned og det vil vere ei utfordring for næringslivet. Kvar enkelt kommune klarer ikkje utfordringa aleine, så man må sjå regionalt på det og byggje sterke kommunesenter regionalt, seier Ole Helge Haugen.

Ole Helge Haugen
Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK