NRK Meny
Normal

Færre turistar i Møre og Romsdal

Mykje dårleg vêr i sommar og finanskrisa i Europa får skylda for at turistnæringa ikkje vil kunne skilte med like gode tal i år som i fjor.

Trollstigen 2013

Dårleg vêr og finanskrisa i Europa får skulda for at det har vore ein laber turistsesong på Trollstigen.

Foto: H. Bakke

Heile fylket merkar ein nedgang. Det fortel reiselivsselskapa som NRK har snakka med.

Årsaka er mellom anna den økonomiske krisa i Europa, fortel Marit Krekvik, marknadssjef i Destinasjon Molde og Romsdal.

– Sør-Europa og Sentral-Europa er lite granne forsiktige i år. Tyskland er veldig forsiktige. Tyskland er til dømes ein viktig marknad for oss, så dersom dei er forsiktige, så merkar vi det ganske fort, seier ho.

Venta nedgang

Reiselivssjef Geir Steinar Vik i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, seier nedgangen var venta.

– Krisa har vore vedvarande, så sommaren til no er som forventa. Blant anna har vi hatt eit overnattingsbelegg på 75 prosent, noko som er liten nedgang frå i fjor, seier han.

Vik seier at også eit endra reisemønster er med på å endre statistikken. Til dømes peikar han på ei merkbar auke i cruiseturismen.

– Det er ein nedgang i den tradisjonelle bussturismen, som no i mykje større grad vert flytta over på cruisegjestar kor ein då hentar ut veksten der i staden for på buss og gruppeovernatting, seier Vik. – Så totalt sett er vi i grunnen fornøgde.

På Sunnmøre er det ifølgje Vik nordmennene sjølve som har bidratt til å redde sesongen.

– Mange nordmenn som har feriert i vårt område, og det er positivt, seier han.

Vêrvare nordmenn

Det kjenner ikkje reiselivssjef Hilde Gråberg Bakke i Åndalsnes og Romsdal reiselivslag seg att i.

I juli i år var det 20 000 færre besøkjande på Trollstigen enn i 2012. Bakke trur forklaringa ligg i at mange nordmenn har droppa å ta turen i år på grunn av det dårlege vêret.

– Nordmennene reiser veldig på vêret, det merkar vi godt no som meldingane er betre og sola skin, seier reiselivssjefen.

– Utlendingane kjem uavhengig av vêr. Dei legg seg opp ein plan og ei rute, så held dei seg gjerne til ho, legg ho til.

No er derimot vêrmeldingane gode og reiselivssjefen er optimistisk for slutten av sesongen.

– Eg trur nok at vi vil sjå gode tal for Trollstigen også i år. Meir enn ein halv million menneske har trass alt køyrt over Trollstigen i sommar, og dersom denne farta held seg utover hausten så kjem vi nok til å sjå nye rekordar på toppen av Trollstigen i sommar også, seier Gråberg Bakke.

Populær tunnel

Reiselivssjef Roar Harsvik i Destinasjon Kristiansund og Nordmøre seier dei òg merkar nedgangen, men der er det eit lys i ein viss tunnel:

– Trafikken gjennom Atlanterhavstunnelen har auka ganske kraftig i år, det er snakk om ein 8–10 prosent. Det gir iallfall positive effektar iallfall for ytre, så får vi håpe at det vert bra tal for heile Nordmøre til slutt, seier han.

– Magekjensla er nok likevel at det blir eit litt tøft år.

Også Harsvik peiker på vêret og finanskrisa i Europa som dei to hovudårsakene til at besøkstala no sviktar.

– Vi trur tendensen er at nordmenn sin planlegging av ferien vert påverka av dårleg vêr på forsommaren, men no har jo dette snudd. Samstundes er utanlandsmarknadane framleis prega av krise, så det slit vi framleis med, seier Harsvik.

Kva tenkjer du om utviklinga i åra som kjem?

– Når det gjeld dei økonomiske forholda, så vil dei vare så lenge dei gjer. Reiselivsbransjen er ein konjunktursett bransje, men vi har eit godt produkt og god marknadsføring. Vi vil sjå positive effektar av det også, avsluttar han.