Færre søkjer barnehageplass

Medan tala er stabile for Ålesund, er det færre som har søkt barnehageplass både i Molde og Kristiansund i år enn i fjor. Det kan bety færre tilsette.

Barnehage

Talet på søknader om barnehageplass varierer frå år til år. I år er det nedgang fleire stader.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix
Christine Reitan

Christine Reitan er kommunalråd i Kristiansund med ansvar for barnehagar.

Foto: Eirik Haukenes

– Det er ei stor utfordring, sjølv om vi var klar over at talet kom til å gå ned. Så det er ikkje noko stor overrasking. Men for vår del er det mange.

Det seier kommunalråd Christine Reitan i Kristiansund. Ho seier nedgangen for dei er så stor at det må bety færre tilsette i enkelte barnehagar.

– Ja, er det færre barn i barnehagane, så treng vi også færre tilsette. Det er klart.

Ulik storleik på barnekulla

Reitan trur endringane kan ha samanheng både med kor mange som tar i mot kontantstøtte, arbeidsløysetal og at det er ulik storleik på barnekulla frå år til år.

– Vi ventar ein liten nedgang i Kristiansund også neste år, men så skal det auke igjen i 2017. Difor har vi planar for å auke talet på barnehageplassar i takt med det, seier Reitan.

Siste video/lyd

Ein fem år lang krangel etter rehabilitieringa av Freifjordtunnelen, hamnar no i forliksrådet. 
Statens vegvesen meiner ei svakheit i plastduken som ble laga, kan gi ekstrakostnader i hundremillionar-klassen.
Ålesund kommune har kome på kant med delar av kulturlivet i byen. Då det kom fram at mellom andre Matfestivalen ikkje lenger får halde til på sin tradisjonelle plass midt i sentrum - har mange års irritasjon kome til overflata.
Utdanninga for fagarbeidarane i maritim industri kan bli endra. Ei fersk masteroppgåve konkluderer blant anna med at ein må sjå på heile utdanningsløpet - og at haldninga til yrkesfaga må bli betre.