Hopp til innhold

Færre små gardar – Johannes (18) satsar som bonde

Noreg treng fleire mindre gardar for å styrke sjølv­forsyninga i landet, meiner Noregs Bonde­lag. Johannes Aksnes er ein av svært få unge som satsar på eige gardsbruk.

I eit landskap som tatt ut av ein reklame for norsk landbruk ligg den vesle sunnmørsbygda Rovde.

– Det er ikkje like mykje gardsdrift her som det var før, da var det berre gard, gard, gard bortover her, seier Johannes Aksnes og peikar utover landskapet.

Sjølv om han framleis har to år igjen på vidaregåande, har 18-åringen likevel valt å satse som bonde, og tatt over hønseriet til bestefaren.

Johannes klapper en border collie på tunet.

18-åringen tok over garden i starten av juli, og fortel at det er ein ny kvardag.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Travle dagar

I pakkerommet i hønseriet sorterer Aksnes rundt 7.000 egg kvar morgon, noko som tar to til tre timar. Etter det jobbar han på dei tre gardane til foreldra, og slår gras for fleire andre.

Han kjører en blå traktor og tar kantslåtten langs veien.

Mange dagar er Aksnes i traktoren i eit tosifra antall timar – akkurat sånn han vil ha det.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK
Han kjører en grønn traktor og slår gresset på jordene.

– Vi jobbar med store maskiner og store verdiar, så det er litt press. Men det er eit sunt press, seier Aksnes.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

På gardane til foreldra er det både sauer og kyr, og Aksnes fortel at både han og dei tre yngre søskena hjelper til med arbeidet.

Samtidig må han fleire gonger om dagen sjekke at hønene har nok mat og vatn, at temperaturane er rette og at alt elles er som det skal på hønseriet.

På mobiltelefonen kan du se en app bonden bruker til å logge driften av gården.

På ekte 2024-vis har den unge bonden sjølvsagt full kontroll på dette gjennom ein app på mobilen.

– Viktig for beredskapen

Gardane på Rovdestranda er små i noregssamanheng, og talet på små gardar har gått jamt nedover i fleire tiår. Samtidig er det langt fleire store gardar enn før.

Dette held jordbruksarealet relativt stabilt, men gjer likevel matproduksjonen meir sårbar, seier Egil Hoen, nestleiar i Noregs bondelag.

– Berre litt over 3 prosent av arealet i Noreg er dyrka mark, spreidd rundt i alle krikar og krokar av landet.

Egil Hoen, nestleder i Norges Bondelag, ser inn i kamera. Han har blekgrønn skjorte og mørkeblå jakke.

Egil Hoen seier at ein matproduksjon spreidd ut på mange små gardar er mykje meir robust i møte med klimaendringar, noko som er viktig for beredskapen.

Foto: Norges Bondelag

– For å halde desse jorda i drift må vi ha bønder i nærleiken, og er derfor avhengige av å ha eit mangfaldig landbruk med både små og store bruk.

Det er også ein stor tryggleik dersom det skulle oppstå ei krise, at vi har matproduksjon i heile landet og ein så høg sjølvforsyningsgrad som mogleg.

Egil Hoen nestleder i Norges Bondelag

Ifølge Hoen er Noreg eitt av landa i verda med lågast sjølvforsyningsgrad på mat, og Stortinget har vedtatt å auke denne frå 40 til 50 prosent.

– Då er vi heilt avhengige av å ha nok bønder og å halde gardane i hevd framover, seier han.

En traktor kjører ned mot fjorden i et idyllisk landskap.

Sjølvforsyningsgrada har sokke jamt og trutt dei siste ti åra, seier Egil Hoen.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

– Ikkje tilrettelagt

Johannes Aksnes trur at å drive mindre gardar også er ein fordel når det gjeld dyrevelferd.

Bonden står til høyre for kyra som er på beite.

– Det er på små gardar du har best kontakt med dyra, og kan møte kvart enkelt dyr hele tida, seier han.

– Det er vanskelig om du har tre-fire hundre kyr.

Han synest det er trist at små gardar legg ned fordi det ikkje lønner seg, og trur det må politiske løysingar til for å gjere noko med saka.

Les også: Hva skal vi spise hvisgrensene stenges?

Familien i nærleiken

Både far Jan Øystein Aksnes og bestefar Hallvard Hånes synest det er spennande at 18-åringen er villig til å satse på matproduksjon.

Faren tar det ikkje som ei sjølvfølge at alle barna vil bli bønder, men har vore opptatt av å formidle gleda over å produsere mat, og å gi dei moglegheita til å få ta del i gardsarbeidet.

Bestefar Hallvard Hånes er glad for at garden går vidare i familien.

– Mange gardar blir nedlagde, og den eldre generasjonen sit aleine igjen på gardane og ser at huset forfell. Så eg set veldig pris på at nokon vil drive dette vidare og satse slik eg har gjort.

Far, sønn og bestefar står på gårdstunet.

Tre generasjonar med matprodusentar er samla på tunet. Sveip for å sjå fleire bilder.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK
Hallvard Hånes sitter lett henslengt på trappa utfor huset.

– Eg har ikkje tenkt å sette meg ned og berre vente på at alderen skal kome, seier Hånes, som framleis hjelper til på garden.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK
Hallvard Hånes står vendt mot kameraet og holder på med sorteringsmaskina i hønseriet.

– Å drive gård er ein livsstil meir enn det er eit yrke, seier han.

Jan Øystein Aksnes pratar med sønnen på gardstunet.

– Vi har sjølvsagt stunder der vi er trøytte og slitne og ser at vi ikkje tener så mykje pengar og sånt, men i den store samanhengen er det verd det, seier far Jan Øystein Aksnes.

Hånes har ikkje trekt seg heilt tilbake, men blir no leigd inn på kontrakt hos barnebarnet. Han held også eit auge med jobben som gjerast, noko barnebarnet berre synest er fint.

– Det er han bestefar som er «the big boss of this company». Og dette er jo eigentleg jobben hans, så eg kan ikkje komme her og gjere den dårleg, seier Johannes Aksnes.

– Kanskje ikkje for alle

Den unge bonden har lange dagar med timevis i traktoren gjennom sommaren – frivillig, understrekar han.

– Eg skjønnar ikkje kva anna det er å bruke somrane på. Det er kanskje ikkje eit yrke for alle, men for meg ligg det stor verdi i å kunne bestemme over mykje av tida mi sjølv, seier han.

Les også: Staten justerer tollen for tredje gong for å løyse «egg-knipa»

Med familien i nærleiken har han også høve til å ta seg litt fri ein gang iblant, og han var nyleg ei helg vekk frå garden på festival.

– Og det var jo kjekt det altså, men ... Eg synest jo det er kjekkare å køyre traktor.

18-åringen håpar han kan fortsette å drive garden også i framtida.

– Viss fleire hadde fått oppleve bondelivet, trur eg fleire hadde sett større pris på maten.

Johannes Aksnes kjører traktor og smiler.

– Det blir fint, arealet kan driftas, det blir mat til dyra som igjen gir mat til oss... Det er mange tankar som går gjennom hovudet når ein slår, seier Johannes Aksnes.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK
Bilde av to store brett med til sammen 60 egg.

Det er ingen tvil om kven som sponsar eggerøra i kollektivet til Aksnes.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK
Bilde fra tunet på Rovde. En leiketraktor står i forgrunnen, i bakgrunnen står en ekte veterantraktor foran fjøset.

Ein skal tidlig krøkast, og den yngste på garden får også «kjøre traktor».

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK