Færre redningsaksjonar

Redningsskøytene hadde færre oppdrag i sommar enn i fjor, viser tal frå Redningsselskapet. Medan dei hadde 264 oppdrag i fjor, var tilsvarande tal for i sommar 180. – Dei fleste oppdraga for RS " Idar Ulstein" i Fosnavåg var tau i propellen og grunnstøytingar, seier skipper Torgeir Are Sortehaug. Likevel blei talet på grunnstøytingar halvert frå 20 i fjor til 10 denne sommaren. Elles har redningsskøytene aldri rykt ut så ofte i løpet av ein enkelt sommar som i år.

Torgeir Sortehaug, skipper på redningsskøyta «Idar Ulstein»
Foto: Pål Kristian Lindseth