Hopp til innhold

Færre les papiraviser: Slik er tala for di avis

Både regionavisene og lokalavisene misser lesarar på papir. Det viser nye tal. Men nedgangen er minst hos dei minste - også i Møre og Romsdal.

Avisforsider

Færre les aviser på papir, viser nye tal frå Landslaget for Lokalaviser og Mediebedriftenes Landsforening.

Foto: Charlotte Ervik / NRK

Sigurd Høst

Professor Sigurd Høst forskar på utviklinga i norske aviser.

Foto: Høgskulen i Volda

– Dei små lokalavisene greier seg rimeleg godt samanlikna med dei store.

Det seier professor Sigurd Høst ved Høgskulen i Volda.

Tala som blei lagt fram av Landslaget for lokalaviser og Mediebedriftenes landsforbund viser at dei fleste aviser har nedgang i opplagstala. Men nedgangen er markant mindre for lokalavisene enn for region- og riksavisene (sjå tal for Møre og Romsdal nedst i artikkelen).

– Tener på å vere lokale

Høst meiner tala viser at folk set pris på lokalavisa si og at det er andre mekanismar som gjeld for dei små enn for dei store.

– Eg meiner den lokale tilknyttinga er ein av dei viktigaste motiva folk har for å kjøpe ei avis. Slik sett har ikkje forholdet mellom dei superlokale avisene og lesarane deira endra seg på same måte som i resten av medieverda. Bandet til lesarane er det same, og det er det som er lokalavisene sin styrke.

– Kva med den digitale utfordringa for lokalavisene?

– Eg trur dei kan kjenne seg avslappa i forhold til det. Dei bør nok ha eit tilbod på nett, men det er ikkje sikkert det er rett for dei å satse tungt på nettbasert stoff.

Større nedgang for dei store

Utrekninga av abonnementstal er i år endra som følgje av endringane i lesemåtar og digitale tilbod. Tala er difor ikkje direkte samanliknbare frå tidlegare år. Høst meiner dei likevel gir ein god peikepinn på utviklinga.

– Vi ser jo at det er ein markant nedgang for regionavisene også i Møre og Romsdal, seier Høst.

– Det ser ikkje ut for at overgangen til betalingsløysingar på nett har hjelpt dei førebels. Dei går mykje tilbake.

Fordi mange aviser no er i ei fase med omlegging, meiner han det er vanskeleg å ha bastante meiningar om framtida.

Vi ser jo at dei store, til dømes Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad har ganske gode tal. Det kan jo bety at dei har funne ein måte å bremse nedgangen på, men det er litt tidleg å seie noko om det.

Opplagstal*

Avis

2013

2014

Nedgang i prosent*

Sunnmørsposten

27460

25722

6

Romsdals Budstikke

16308

15456

5

Tidens Krav

13143

12302

6

Aura Avis

2888

2777

4

Bygdabladet

2500

2439

2

Driva

3685

3537

4

Møre

3449

3373

2

Mørenytt

5214

5190

0.5

Nordre

2471

2352

5

Nordvest-Nytt

1581

1768

opp 12

Storfjordnytt

1384

1405

opp 1,5

Sulaposten

2367

2304

3

Sunnmøringen

1887

1822

3

Sykkylvsbladet

2927

2856

2

Synste Møre

2203

2211

opp 0,4

Vestlandsnytt

4884

4767

2

Vestnesavisa

1859

1851

0.4

Vikebladet Vestposten

4119

3966

4

Øyblikk

1434

1548

opp 8

Åndalsnes Avis

3646

3571

2

Ekspander/minimer faktaboks

Kjelde: LLA * Tala er ikkje direkte samanliknbare mellom 2013 og 2014 på grunn av nye utrekningsmetodar og er difor retningsgjevande.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL