Færre konkursar

Møre og Romsdal har ein nedgang i talet på konkursar og tvangsavviklingar på 5,6 prosent. Kredittøkonom Per Einar Ruud seier mykje tyder på oppgang i både oljeaktiviteten og i fiskerinæringa. Totalt i 2019 gjekk nesten fem tusen bedrifter konkurs og vel 1270 blei tvangsavvikla, og av desse var vel 250 bedrifter i vårt fylke.