Færre heilt utan arbeid

Også april var ein månad der arbeidsløysa gjekk ned, og sidan utgangen av mars er det 119 færre arbeids-lause i Møre og Romsdal. No er det 2 972 heilt utan arbeid, og det utgjer 2,2 prosent av arbeidsstokken. Det er ein nedgang på 13,7 prosent frå same månad i fjor. Ingen kommunar i fylket har no meir enn fire prosent arbeidsløyse, viser tal frå Nav.