NRK Meny
Normal

Færre par vel å skilje seg

Talet på skilsmisser i Møre og Romsdal går ned. Det viser tal frå Statistisk Sentralbyrå. Dei siste ti åra har 14 prosent færre par valgt å avbryte ekteskapet.

Laster kart, vennligst vent...

Statistisk Sentralbyrå la torsdag fram tal for skilsmisser og separasjonar. Sjekk tala for din kommune i grafikken.

Dei færraste tenkjer nok at dei skal hamne i denne statistikken den dagen dei lovar partnaren evig truskap. Likevel ender mange ekteskap i separasjon og skilsmisse. Men dei siste åtte åra har talet på skilsmisser i Noreg gått sakte men sikkert nedover.

Skilsmisse

Stadig færre ektepar vel å gå frå kvarandre, viser tal frå Statistisk Sentralbyrå.

Foto: Sinar 2

I løpet av fjoråret valde i alt 410 ektepar å gå frå kvarandre i Møre og Romsdal. Det er ni prosent færre enn året før. Dei siste ti åra har talet på skilsmisser gått ned med 14 prosent i fylket.

Ulikt landet elles vart det tatt ut litt fleire separasjonar i Møre og Romsdal i fjor enn året før. 506 par i valde å ta ut separasjon. Det er 69 fleire enn året før, men likevel langt færre enn for ti år sidan.

Store variasjonar

Ser vi på dei største byane i fylket, varierer talet på skilsmisser også mellom dei. Kristiansund har flest skilsmisser i forhold til folketalet, med 21,13 skilsmisser per 10 000 innbyggarar. Molde er nummer to med 19,28 per 10 000 innbyggjarar, medan Ålesund har 14,21 skilsmisser per 10 000 innbyggjarar.

Bryllup

Ikkje alle vel å inngå ekteskap for å markere kjærleiken. Talet på bryllaup har gått ned dei siste åra.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.no
  • Kristiandsund: 51 i 2013, mot 48 i 2012
  • Molde: 50 i 2013, mot 41 i 2012
  • Ålesund: 64 i 2013, mot 71 i 2012

Sjå tal for din kommune i grafikken øvst i artikkelen.

Færre inngår ekteskap

Færre skilsmisser altså, men tala viser også at det er færre som inngår ekteskap no enn før. I alt 1059 par i Møre og Romsdal satsa på kjærleiken og sa ja til kvarandre i fjor. Dette er 45 færre enn enn året før, og heile 70 færre enn i toppåret 2008 då det blei inngått 1135 ekteskap i fylket.