Hopp til innhold

Færre får tilbod

1825 har fått tilbod om studieplass ved Høgskolen i Molde. Dette er ein nedgang frå rekordåret i fjor, opplyser høgskulen. Det er berre marin logistikk og økonomi, som blir undervist ved Høgskolesenteret Kristiansund, der fleire studentar får tilbod om studieplass enn i fjor.

Rektor Steinar Kristoffersen trur det er fleire årsaker til nedgangen.

– Det er litt vanskeleg å svare på og vi må gjere ein analyse av tala. Vi veit det er færre søkarar totalt sett, medan det er ein stor oppgang på dei nettbaserte studia. Så det kan hende ein del vel den fleksibiliteten som nettbaserte studium gir, seier han.

Studia vernepleie, IT og rettsvitskap er dei mest populære og har fleire på venteliste for å kome inn.

Rektor Steinar Kristoffersen, Høgskulen i Molde
Foto: Høgskulen i Molde