Hopp til innhold

Færre drukningsulykker

Møre og Romsdal har lagt på toppen av landets drukningsstatistikk, men no kan det sjå ut til at talet er på veg ned.

Båtliv i Skjærgården

Norsk Folkehjelp oppfordrar folk til å tenkje sikkerheit på sjøen.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Båtsesongen er like om hjørnet. Det til tross for at sola kanskje ikkje skin like mykje som vi hadde ønska. Men med båtsesongen kjem òg faren for ulykker på sjøen.

  • Kva er dine tips for trygg ferdsel på sjøen? Del og diskuter nederst i saka.

Statistikk på veg ned, men...

I fjor var det sju personar her i fylket som mista livet etter ei drukningsulykke. Fleire av desse i samband med båtbruk. Til midten av juni i år var talet to, ifølge Norsk Folkehjelp.

- Årsaka til at Møre og Romsdal har lagt i toppen av statistikken er at fylket har ei lang kyststripe med mykje aktivitet på sjøen, meiner Jon Halvorsen som er sanitetssjef i Norsk Folkehjelp.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Tenk sikkerheit

Likevel vil Halvorsen vere forsiktig med å kome med nokon klare konklusjonar ut frå årets tal. Han oppfordrar alle til å tenkje sikkerheit.

- Det er ikkje nok å berre tenke på svømmeferdigheiter. Tenk førebyggjande ved å blant anna bruke redningsvestar. Og tenk nøye gjennom før du legg ut på tur i båt aleine, ramsar Halvorsen opp.

Voksne menn er framleis spesielt overrepresentert i desse ulykkesstatistikkane, og blir bedt om å vere ekstra oppmerksomme.

Kan lære av kvarandre

Odd Roar Lange

Odd Roar Lange er leiar for jolleklubben ved Molde Seilforening.

Foto: Ingrid Kornelia Sunde / NRK

Ved Molde Seilforening forklarar leiar for jollegruppa, Odd Roar Lange om reglane klubben har.

- Ingen barn får lov å reise ut på sjøen før ein følgebåt er ute først.
Alle har på seg redningsvest, anten dei er barn eller voksne. Det er eigentleg grunnfjellet i sjø- og seilsport.

Lange meiner mange båtførarar burde lære av kvarandre.

-Voksne folk i seilbåt brukar somregel redningsvest heile tida. Det er ikkje det same i motorbåtar. Der veit eg at veldig mange har dei ombord i båten, men alle som har vore utsett for ei uhell veit at ein ikkje rekk å ta på seg redningsvesten når det først skjer noko.