Hopp til innhold

Færre billettar til cupfinalen

Fotballforbundet avgjorde seint i går kveld at AaFK får 5968 billettar til cupfinalen mot Brann 6. november. Det er færre enn laget fekk mot Molde for to år sidan.

Cupfinale-supportere

Henrik Hoff trur at det blir billettar å få kjøpt heilt opp til finaledagen.

Foto: Terje Reite / NRK

Henrik Hoff

– Du gler deg til å komme til cupfinalen, og då gler du deg samtidig til store mengder med arbeid, seier klubbdirektøren

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Klubbdirektør Henrik Hoff seier at fordelinga vil skje på stort sett same måte som for to år sidan.

– Vi synest vi gjorde ein god jobb med fordelinga i 2009. Vi kjem nok difor til å følgje same mal denne gongen, men dette skal vi sjå på i neste veke, seier Hoff.

Sjølv om AaFK får berre 6.000 billettar er det mange andre måtar å skaffe seg billettar på. Og Henrik Hoff trur difor dei fleste som vil, kjem seg til finalen.

– Fotballforbundet legg ut 2.500 billettar på den opne marknaden, og det vil alltid vere billettar å få kjøpt heilt opptil kampen, seier Hoff som sjølv har opplevd dette.

Med cupfinalen i boks betyr dei neste seks vekene mykje arbeid for Hoff og resten av administrasjonen i AaFK.

– Du gler deg til å komme til cupfinalen, og då gler du deg samtidig til store mengder med arbeid! Men dette er lystprega arbeid der heile byen står bak.

– Og så må vi heile tida ha fokus på dei seriekampane som er igjen før cupfinalen, for dei er ekstremt viktige for oss – både for å krabbe oppover i tabellen og så få til å nullstille seg til cupfinalen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL