Ved utgangen av april var om lag 2 800 personar heilt utan arbeid her i fylket. Dette er ein nedgang på 30 prosent frå i fjor.
Høgast og lågast
Det er no 2,3 prosent av arbeidsstyrken som er utan arbeid, og dette er den lågaste arbeidsløysa sidan oktober 2001.
Høgst arbeidsløyse er det i Hareid (4%), Aure (3,2%), Kristiansund (3,1%)og Ålesund (3%), medan Norddal og Stranda (begge 0,6%) kjem best ut på statistikken, viser tal frå Aetat.
Lokale skilnader
Det er Romsdal og Nordmøre som har hatt størst nedgang i arbeidsløysa den siste månaden. Sjølv om mange i Kristiansund er utan arbeid, har likevel arbeidsløysa aldri vore så låg som no, verken i kommunen eller i Aetats distrikt Kristiansund.
På Sunnmøre var det små endringar den siste månaden. Dette kjem bl. a. av permitteringar i fiskeindustrien og at sesongarbeidet innan veg- og anleggsgartnarverksemda har komme seint i gang.
Mange nye stillingar
I april blei det utlyst nesten 2 200 nye stillingar i Møre og Romsdal - 55 % meir enn både i mars i år og i april i fjor. Hovudforklaringa er at det no er høgsesong for å lyse ut sommarjobbar.
Det er spesielt stor tilgang på stillingar som butikkmedarbeidar, indistrimekanikar, platearbeidar, sveisar, ingeniør, hjelpepleiar, sjukepleiar, barnehageassistent, kokk og reinhaldar.
Også innan undervisning er det utlyst mange stillingar, spesielt som allmennlærar og førskulelærar.