NRK Meny

– Det tek tid å bli norsk

Statssekretær for innvandrings- og integreringsministeren, Fabian Stang (H), meiner ein kan lære mykje av ekspressintegrering av flyktningar, men trur det går vel fort.

Fabian Stang i Frognerparken etter å ha blitt utnevnt til statssekretær for Sylvi Listhaug.

Fabian Stang, statssekretær for innvarndringd- og integreringsminister Sylvi Listhaug, trur ein treng meir enn 33 dagar på å bli integrert i det norske samfunnet.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Eg hadde nok trengt vesentleg meir tid dersom eg hadde flytta til eit anna land, seier statssekretær Fabian Stang.

Han siktar til forskingsprosjektet som er gjennomført på Nordmøre der deltakarane er samla døgnet rundt i 33 dagar, under same tak, til undervisning i norsk kultur og språk. Tanken er at ekspresskurset skal gje flyktningar ein heilt unik sjanse til å bli kjende med den norske kulturen og språket.

– Det vi skal lære oss må vi bruke tid på

Den tidlegare Oslo-ordføraren jobbar no for innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug i Justis- og beredskapsdepartementet, og understrekar at forsøket med ekspressintegrering absolutt er spanande.

– Eg synast det er positivt med alle forsøk på å få til ei god integrering, der ein skal lære seg norsk og lære om det norske samfunn.

Han trur likevel at ein må bruke tid dersom resultatet skal bli godt og viser til då han sjølv studerte juss.

– Nokre tok studiumet på to og eit halvt år medan vi andre brukte seks. Dei som tok det på 2,5 år blei aldri juristar. Det er noko med at det vi skal lære oss må vi bruke tid på. Vi må ha moglegheit til å kunne reflektere over den informasjonen vi får og ta det innover oss.

Norsk på 33 dager

Då Ali Zamrini (28) kom til Noreg var ein fuktig russefest noko av det første han måtte gjennom.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Ikkje berre berre å flytte til eit anna land

Eksperimentet bryt radikalt med det som har vore vanleg i norsk vaksenopplæring. Språkopplæringa for innvandrarar tek gjerne eitt års tid, med fleire timar på skulebenken kvar einaste vekedag.

Dersom Stang fekk velje, ville han ha valt det tradisjonelle opplegget for norskopplæring framfor ekspressintegreringa.

– Eg vil ikkje avvise nye tilnærmingar, men eg er nok litt konservativ og tenkjer at det tek litt tid å bli såkalla «norsk». Det er ikkje berre berre å flytte til eit anna land. Det kan ta tid å lære seg skikkar og lokale forhold.

– Alltid noko å lære

Han ser likevel ikkje vekk ifrå at ein kan bruke delar av opplegget frå ekspressintegreringa i delar av den opplæringa flyktningar må gjennom i dag.

– Kan ein bruke litt av dette opplegget inn i vaksenopplæringa?

– Ja, vi er veldig takknemlege for all erfaring, fordi det er heile tida noko å lære.

Siste video/lyd

Sterk auke i transporten av gass med tankbil på strekninga Aure-Kristiansund gjer at ferjepassasjerane ikkje lenger stoler på at dei kjem fram når dei skal. Ordføraren i Aure gir fylkeskommunen skulda.
Far og son måtte begge hoppe på sjøen då ein fritidsbåt starta å brenne utenfor Alnes i Giske i dag tidleg. Politiet skryt av måten dei handla på.
I Molde fryktar trafikantar kaotiske forhold når Frænavegen i dag vart stengt for 6 veker. Årsaka til stenginga er at gamle vassrøyr må skiftast ut. Vegen er gjennomfartsåra til Molde og ein av dei mest trafikkerte.