NRK Meny
Normal

Få veit kvifor haustferien kjem til ulik tid

Denne haustferien er ikkje så enkel å finne ut av. Har du ein kompis i ein annan del av landet fell ikkje ferien på same tid som din. Men kvifor kan ikkje vi alle berre ha fri samtidig?

Fra potetferie til fritidsferie

Tidlegare blei tidspunktet for haust- og vinterferien samordna nasjonalt. Men på eit tidspunkt blei makta over inndelinga av skuleåret delegert til fylkesnivå. No ferierer nordmenn til ulik tid om hausten og vinteren.

Foto: Montasje: Ole-Jørgen Finnes / NRK

Når hausten kjem krypande er det mange som ønskjer seg ferie frå låge temperaturar, nordavind og høljeregn. Då er haustferien god å ha.

Potittferie

Haustferien var frå gammalt av potetferien då elevane brukte friveka til å tene nokre ekstra kroner på bondens potetåker.

No er det vel langt mellom skuleelevane som bruker ferien til å bli møkkete på fingrane. Men haustferien har vi likevel.

Enkelte meiner at fridagane burde vere spreidde, og at det er ein fordel for reiselivsbransjen som då kan spreie reisene over lengre tid.

Kvifor ikkje likt?

Reiselivssjef Geir Steinar Vik i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre er ikkje heilt einig.

– Eg trur at det hadde gått bra at alle hadde ferie samtidig, og på fleire måtar kunne det vore ein fordel, seier Vik.

Han trur at samtidig ferie ville ført til mindre kluss i ferieavvikling, men når det gjeld logistikk er det nok ein fordel å spreie trykket.

Sverre Hollen

Fylkesutdanningssjef i Møre og Romsdal, Sverre Hollen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi som bedrift haltar i to veker fordi ferien er spreidd over to veker. I forhold til å klare å samkøyre møter og opplegg for turistar så hadde det vore ein klar fordel å ha ferie same veka, meiner Vik.

– Ikkje noko med reiseliv å gjere

Det er fylkeskommunen som bestemmer over denne ferien no. Historisk var haustferien lagt til tida da potetene skulle opp av jorda, og måtte derfor kome først til sørlege landsdelar, der poteta først blei moden. Fylkesutdanningssjef Sverre Hollen meiner logistikk er einaste grunnen til at vi har fri til ulik tid.

Merete Habberstad

Kommunikasjonsdirektør Merete Habberstad i NHO Reiseliv.

Foto: NHO Reiseliv

– Når ein tar ferie blir det fort stort trykk på hytter og andre feriestader, og då er det lurt å spreie det utover, seier han.

Dette er forklaringa frå fylkesutdanningssjefen, men han er ikkje sikker på kvifor det alltid har vore slik.

NHO Reiseliv meiner at dette ikkje har noko med reiselivet å gjere, men kommunikasjonsdirektør Merete Habberstad meiner at det absolutt er ein fordel å ikkje få heile landet på vegen samtidig.

– Det er nok ein fordel at det er slik som vi har det i dag, men reiselivet hadde ikkje slite med for stort press viss alle ferierte på same tid, fortel Habberstad.

Barna er ut på jordet for å plukke poter for å tjene penger i høstferien. Bilde er hentet fra serien "Gården og bygda vår" som ble sendt i 1983.

For 30 år sidan, i 1983, besøkte NRKs Knut Elstrand Hvamstad gard i Oppland. På arkivopptaket ser vi tretti skulebarn helt ned i småskolealder slite dagen lang med å plukke poteter. Lønna blei berekna etter kor mange kilo poteter kvart barn klarte å plukke. Bonden sjølv, Ole Hvamstad, passar på at potetopptakaren går som han skal.