Hopp til innhold

Få nyttar trygt heim-ordning

Svært få ungdommar i Møre og Romsdal nyttar ordninga "Trygt heim for ein 50-lapp".

50-lapp

Få nyttar seg av ordninga 'Trygt heim for ein 50-lapp'.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Ordninga er eit tilbod som skal få ungdom trygt heim på kvelds- og nattestid.

Elevane ved Haram vidaregåande skule, Andrea Lie Skaaden og Even Eik Hatlehol, trur årsaka skuldast for dårleg informasjon om tilbodet.

Haram er ein av kommunane der ordninga "Trygt heim for ein 50-lapp" vert svært lite brukt.

– Eg har eigentleg ikkje høyrt så mykje om ordninga, anna enn å ha sett nokre plakatar rundt omkring, seier Eik Hatlehol.

– Ordninga burde nok vore meir reklamert for, for det er eigentleg eit godt tiltak, påpeikar Lie Skaaden.

Femte året med ordninga

Då fylkestinget innførte ordninga i 2005 var målet å få ned talet på ulykker der ungdom er involverte. Samstundes skulle ordninga skape gode vaner for bruk av kollektivtrafikk.

Ordninga fungerer slik at drosjeselskap køyrer fastlagte ruter dersom ungdommar førehandsbestiller turen. Ein må også samkøyre med andre ungdommar slik at flest sit på. Ungdommen betalar då berre 50 kroner for turen.

Men ordninga vert svært lite brukt i dei fleste kommunane i Møre og Romsdal. Det viser tal frå fylkeskommunen. NRK har også vore i kontakt med drosjeselskap i fleire av kommunane som bekreftar dette.

I tillegg til lite informasjon om ordninga er det ofte langt enklare å sete på med vener eller verte henta av foreldra enn å nytte seg av tilbodet, seier Andrea Lie Skaaden og Even Eik Hatlehol.

– Dei har spesielle tider, og ein må bestille lenge før dersom ein skal bruke ordninga. Dessutan følgjer den spesielle ruter og det er no slettes ikkje alle som bur langs den spesielle ruta. Derfor er det noko vanskeleg å bruke. Eg har sjølv aldri brukt ordninga, påpeikar Eik Hatlehol.

– Eg hadde sikkert brukt ordninga meir om eg hadde visst kva nummer eg skulle ringe og korleis det fungerer i praksis, meiner Andrea Lie Skaaden.

Overraska over lite bruk

Driftsansvarleg for Haram Taxi, Karl Paul Reiakvam, meiner problemet lett kan løysast ved å utvide tilbodet og gi betre informasjon om ordninga. Han er likevel overraska over at ungdommen ikkje er flinkare til å nytte seg av tilbodet.

– Tilgangen er der og mulegheitene er der, og så vert det ikkje brukt. Det er ganske merkeleg, seier han.

Pengar til overs

Fylkeskommunens årlege budsjett for "Trygt heim for ein 50-lapp" er på 650.000 kroner. Det er pengar som ikkje vert brukt opp, seier rådgjevar ved samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, Geir Olsen.

Han ønskte ikkje å la seg intervjue, men innrømmer at ordninga burde ha vore betre marknadsført blant ungdom.