Hopp til innhold

Her bur det færrast unge kvinner i landet

Sjå korleis det ligg an på kvinnefronten i din kommune

Kleven verft

Møre og Romsdal med sin mannsdominerte industri, ligg nedst på statistikken over talet på unge kvinner i høve til menn.

Møre og Romsdal er det fylket i landet som har færrast kvinner i alderen 20–39 år. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Ved inngangen av 2013 var det 89,9 kvinner per 100 menn i denne gruppa. Landssnittet ligg på 95.1

– Dette er svært alvorleg. Jentene våre drar ut for å ta utdanning og kjem ikkje heim, seier fylkespolitikar Gunn Berit Gjerde (V).

Føder færre barn

Gunn Berit Gjerde

Gunn Berit Gjerde er uroa over at unge kvinner som flyttar ut for å ta utdanning, ikkje kjem tilbake.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Talet på kvinner i Møre og Romsdal har minka dei siste åra, og det er ingen kommunar som har fleire unge kvinner enn menn.

Oslo er det fylket i landet med flest kvinner. Der er det like mange kvinner som menn.

Gjerde er uroa over utviklinga i Møre og Romsdal.

– Med færre unge kvinner vert det fødd færre barn. Men det mest alvorlege er at vi manglar tankekrafta som desse kvinnene representerer i samfunnet, seier Gjerde.

Vil finne årsaka

Fylkespolitikarane veit ikkje kva som er årsaka til at kvinnene ikkje flyttar tilbake til Møre og Romsdal etter at dei er ferdig med utdanninga.

Politikarane ynskjer ein grundig analyse av kvifor det er slik og kva som skal til for å få dei heim att. Dei vil også intervjue dei kvinnene som har flytta heim, om kva som var grunnen til den avgjerda.

– Både skipsindustrien og olje og gassnæringa er svært mannsdominert. Kan vi gjere den meir kvinnevenleg, spør Gjerde.

Ho er også open for at det må skapast fleire arbeidsplassar.

Sjå fylkesstatistikken her

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL