Hopp til innhold

Få kommunar søkte om 22.juli-pengar

Berre tre kommunar i Møre og Romsdal søkte om 22. juli-pengar til dei etterlatne. Leiaren for støttegruppa i Møre og Romsdal, Hege Løseth meiner det er trist fordi mange framleis treng oppfølging.

Minnemarkering i Bergen 22.juli 2012

URØRT: Mange av dei som blei råka av terrorangrepet 22. juli 2011, slit framleis med å takle kvardagen. Pengane som blei sett av til å hjelpe dei står framleis urørt.

Foto: Hanne Marie Molde/NRK

I perioden frå 2011 til 2013 løyvde Stortinget til saman 180 millionar kroner til psykososial oppfølging av dei råka etter 22.-juli terroren. I dei to første åra sende fylkesmennene ut 130 millionar kroner til norske kommunar.

I 2013 måtte kommunane sjølv søke aktivt om å få midlar til konkrete tiltak, og samtidig rapportere korleis pengane blei brukt. Det gjorde at svært få søkte om midlar, og 36 av dei 50 millionane som var sett av på statsbudsjettet i 2013, står framleis urørt.

– Det er synd at kommunane ikkje har nytta seg av moglegheita til å søkje om midlar til dei råka etter terrorangrepet, seier Løseth.

26 personar og 13 kommunar var direkte råka i Møre og Romsdal. Alle dei 36 kommunane fekk midlar i 2011. Eit år seinare var det berre åtte kommunar som hadde søkt om pengar, og i 2013 var det berre Kristiansund, Herøy og Sykkylven som søkte om støtte.

NRK Brennpunkt har følgt 22. juli-pengane ut i Kommune-Noreg, og møtt menneske som framleis slit med opne sår, tre år etter noregshistorias største terrorangrep.

Mange treng framleis hjelp

Hege Løseth meiner kommunane har vist for lite initiativ til å følgje opp dei råka etter terroraksjonen på Utøya.

Hege Løseth

Hege Løseth meiner det er trist at kommunane i fylket ikkje har søkt støtte.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

– Kommunane tok kontakt etter 22. juli for å undersøke kven som trengde hjelp. Mange følte kanskje at dei ikkje trong hjelp og takka difor nei. I ettertid kan det derimot ha oppstått problem, seier ho.

Løseth meiner pengane i større grad skulle vore brukt til oppfølging av dei råka. Ho meiner det er viktig at kommunane jobbar førebyggande.

– Forsking etter 22. juli har vist at behova for hjelp har blitt større etter kvart. Tre og eit halvt år etter Utøya er det fleire som greier å sette ord på den hjelpa dei treng, seier Løseth.

– Her må ein ta høgde for at oppfølgingsbehovet kan vare lenge, held ho fram.

Problematisk

Løseth trur kommunane ikkje har hatt gode nok system internt til å fange opp formålet med desse pengane, nemleg å hjelpe dei råka etter 22. juli. Ho meiner det er problematisk at ein ikkje veit kva kommunane har brukt pengane til.

– Det einaste vi veit er at pengane har blitt brukt på andre ting, seier ho.

Støttegruppa til dei pårørande i Møre og Romsdal prøvde å oppmode kommunane om å søkje om støtte, likevel vart dette ikkje gjort. Støttegruppa valde difor å sjølv søkje etter midlar.

– Vi har brukt pengane på tilrettelegging og samlingar for våre medlemer i Møre og Romsdal. Det har dei hatt stort utbytte av, seier Løseth.

Nettverk for kriseteam

Til trass for at berre tre kommunar søkte om støtte i Møre og Romsdal, meiner Løseth at fylket har fått til mykje bra i etterkant av 22. juli. I september i år markerte Fylkesmannen i Møre og Romsdal oppstarten av eit nettverk av psykososiale kriseteam i Møre og Romsdal.

– Ein må vere førebudd på liknande situasjonar i framtida, då treng vi kunnskap for å hjelpe dei som blir utsett, seier Løseth.

Det nye nettverket skal styrke kriseteama i fylket, og vere ein arena for kompetanseutvikling og kompetanseheving.

– På den måten har vi lagt til rette for ein unik arena der ein kan utveksle erfaringar og lære av kvarandre. Det vil vere positivt for alle i Møre og Romsdal, seier Løseth.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL