Her er berre to kinosete opptatt

Det har vore til dels dårleg oppslutning om kinotilbodet på dagtid i Ålesund. I dag var det berre Ebba og Unni som ville sjå "Unbroken" på Løvenvold Kino.

Ebba Krog og Unni Bekkevold Beskrivelse

Ebba Krog og Unni Bekkevold var dei einaste som møtte opp på dagkino.

Foto: Torger Håvåg / NRK

Den gamle ærverdige kinoen i Ålesund, Løvenvold kino, har plass til 190 personar. I dag stod 188 av seta ledige. Berre Ebba Krog og Unni Bekkevold hadde kjøpt billettar til krigsfilmen basert på ei sann historie.

– Det er utruleg vanskeleg når filmane berre vert annonsert på nett. Det er håplaust, seier Ebba Krog.

Ho får berre med seg kva filmar som går når ho er saman med folk som er meir datakyndige enn henne sjølv. Ho trur at grunnen til dårleg oppslutning om dagkino er at det ikkje står annonser om det i avisene. Dermed får dei eldre det ikkje med seg.

Ebba Krog og Unni Bekkevold utanfor Løvenvold kino

Løvenvold kino viser filmar på dagtid, slik som eldre har etterlyst, men få møter opp.

Foto: Torger Havåg / NRK

Utan at folk sluttar opp om tilbodet kan det ikkje bestå. Ho likar godt å sjå film midt på dagen, men kunne godt ha tenkt at det var to timar seinare. Dagkino er eit tilbod eldre har etterlyst.

Internett er kronglete

At Unni Bekkevold har møtt opp i dag er berre flaks. Det var ei venninne av ho som ringte og sa at det skulle vere kino i dag. Bekkevold går mykje på kino og orienterer seg om kva filmar som går gjennom nett.

– Eg synest det hadde vore veldig greit å ha annonse i avisa også. Den les eg kvar dag. For eldre menneske er det meir kronglete å bruke internett, seier Bekkevold.

Få les papiraviser

Mariann Borgund er teamleiar i Nordisk Film, og trur dårleg føre på vegane er ei av årsakene til at så få har møtt opp i dag.

– Vi viser filmane sjølv om det møter opp berre ein person, seier Borgund.

Ho forstår at dei eldre saknar dagkinoannonser i avisene, men meiner det er på tide å ta eit steg inn i framtida. Kinoen opplever at stadig færre les papiravis, og at dei fleste brukar internett. Dei vil difor ikkje gå tilbake til papirannonser. Ho meiner at dagkinotilbodet er innarbeidd hos folk.

– Folk veit at det er kvar onsdag, seier Borgund.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.