Hopp til innhold

Berre ti av 200 cruisebåtar brukte den nye landgangen

Midt i turistsesongen kom ein ny flytande landgang på plass i Geiranger. Nesten ingen brukar den.

Seawalk i Geiranger

I juli kom det flytande brusystemet Seawalk på plass i Geiranger, men få cruiseskip har brukt det.

Foto: Destinasjon Geirangerfjord

Havnesjef i Geiranger Rita Berstad Maraak.

Hamnesjef Rita Berstad Maraak seier at det tar tid å få cruiseskipa til å bruke den nye landgangen.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Seawalk er eit flytande brusystem som gjer at cruisepassasjerane kan gå direkte i land i Geiranger, i staden for å bli frakta med småbåtar. Geiranger er landets nest største cruisehamn, med rundt 300.000 cruiseturistar årleg. Etter at den flytande landgangen kom på plass 18. juli juli er det likevel berre ti av 200 cruisebåtar som har nytta den. Hamnesjef Rita Berstad Maraak er ikkje bekymra.

– Vi har ingenting anna ein positivt å seie om bruken av seawalken. Tilbakemeldingane frå kundane tilseier også at dei er nøgde, seier Berstad Maraak.

Dyr å bruke

Seawalk i Geiranger

Geiranger har omlag 300.000 cruiseturistar i året. Med seawalk vert det enkelt for passasjerane å gå i land.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

Landgangen skal redusere miljøutsleppa i fjorden, men gjer det også lettare for cruiseturistane å gå i land og vere med på aktivitetar og utflukter. Dermed ser næringslivet i Geiranger for seg at det vert auka handel.

Det er ikkje gratis å bruke landgangen som har ein prislapp på 35 millionar kroner. Cruiseskipa må betale ei kroner per bruttotonn og dermed vert det dyrare di større båten er.

Tar tid

– Det er klart vi hadde ynskt at fleire tok det i bruk, men vi forstår at cruiseskipa ikkje har det inne i budsjetta sine denne sesongen, seier hamnesjefen.

Ho trur også at det tar tid å selje inn produktet og bli vant med å bruke det.

Det at få av skipa har bruk seawalken til no, får ingenting å seie økonomisk for Stranda kommune eller hamnevesenet, seier Berstad Maraak.