Hopp til innhold

Thorseth har rodd tilbake til Noreg

Før helga kunne eventyraren Ragnar Thorseth igjen sjå land etter å ha rodd frå Shetland til Florø.

Ragnar Thorseth ror til Shetland

Bilete er tatt ved avreisa i juni.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Tysdag 14. juli trossa Thorseth smertene og byrja på roturen frå Shetland tilbake til Noreg. Før helga nådde han igjen land og fredag ankra han opp ved Pusavika i Florø.

Ragnar Thorseth legg frå kai i Fosnavåg og ror mot Shetland

I juni la Ragnar Thorseth frå kai i Fosnavåg og rodde mot Shetland

Foto: Lena Høyberg / NRK

– Roturen tilbake til Noreg gjekk over all forventning. Eg hadde både vêret og sjøen på mi side for ein gongs skuld, seier Thorseth.

På land stod over tjue personar som hadde møtt opp for å ønskje han velkommen tilbake til Noreg.

– Dei vinka til meg med flagg og jubla. Det var ekstra kjekt å sjå kor interesserte borna var. Det varma hjarte mitt at folk bryr seg så mykje om meg og turen eg har hatt, seier eventyraren.

Rosar følgjebåten

I midten av juni reiste 67 år gamle Ragnar Thorseth frå Fosnavåg og sette kursen mot Shetland via Sogn. Planen var å ro dei 320 kilometerane til Shetland, og så tilbake igjen.

Ragnar Thorseth

I 1969 var Ragnar Thorseth den første som rodde åleine frå Måløy til Lerwick i Shetland.

Foto: Lena Høyberg / NRK

7. juli måtte Thorseth bryte etappen på grunn av alvorlege smerter, og vart taua til Out Skerries på Shetland.

– Eg var ikkje fornøgd med at eg måtte gi meg, men det var ikkje vêrforhold til å legge seg ned å kvile, så det var det einaste alternativet, seier han.

Heilt sidan Thorseth starta kryssinga av Nordsjøen har han hatt følgje av «Hilding». Thorseth rosar mannskapet om bord i følgebåten.

– Utan dei flinke folka om bord i båten hadde det ikkje gått så bra som det har gjort. Eg er takksam for den hjelpa dei har gitt meg, seier Thorseth.

– Dei berga meg då eg var full av smerte og ikkje greidde å bevege meg, held han fram.

Skal bli godt å kome heim

I 1969 var han den første som rodde åleine frå Måløy til Lerwick i Shetland. Då var han 21 år. Han segla også jorda rundt med vikingsskipet Saga Siglar og drog ut på fleire dristige båtturar.

Ragnar Thorseth

På bilete ser ein Ragnar Thorseth klar for avreise i juni.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Til trass for fleire utfordringar i løpet av den siste turen, er den 67-år gamle eventyraren fornøgd med å ha oppnådd enno ei målsetjing og rodd tilbake frå Shetland.

Måndag var han på plass i Bremanger, og Thorseth skal etter planen vere tilbake i Fosnavåg 1. august. Der blir han tatt imot med pomp og pakt.

– Det har vore ein fin tur, men eg gler meg til å kome heim til mine nære og kjære, seier eventyraren.

Det er 14 år sidan Ragnar Thorseth frå Herøy var ute på sitt førre eventyr. Det er om lag like lenge sidan den dramatiske ulukka som mange trudde ville setje han på sidelinja for alltid. No vil den gamle eventyraren jobbe, leve og overgå gamle robragder.
Frå fjernsynsarkivet i 1985 på Galapagos: Reportasje om Ragnar Thorseth skal segle verda rundt i Saga Siglar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL