Det blei slått full alarm nyleg då det kom ein bombetrussel mot gassanlegget Ormen Lange. Anlegget ligg på kysten av Møre og Romsdal og er rekna for å vere eit potensielt terrormål.
Først etter ein halv time sende politiet ut ei twittermelding. Der sto det at politiet var på veg og at situasjonen var uavklart.
Samtidig skreiv politiet at dei ikkje klarte å svare journalistar, fordi det var så hektisk.
Slik såg den første meldinga frå politiet ut. Då hadde det gått meir enn ein halv time frå politiet blei varsla om den falske bombetrusselen.
Foto: skjermdump frå TwitterSå blei det stille frå politiet.
– Det er heilt uakseptabelt. Dette er svært alvorlege situasjonar, og politiet har plikt til å informere innbyggjarane om kva som skjer, seier Elin Floberghagen.
Ho er generalsekretær i Norsk Presseforbund, som organiserer journalistar og redaktørar frå ulike deler av bransjen.
Generalsekretær Elin Floberghagen i Norsk Presseforbund.
Foto: Thomas Brun / NTB scanpixFørst tre kvarter etter den første twittermeldinga, forklarte politiet at faren var over, og skreiv at dei ville sende ut ei pressemelding. Den kom etter endå ein time.
Hundrevis evakuert to gonger
Berre få dagar før evakueringa på Ormen Lange, blei nesten 300 menneske frå Hurtigruten evakuerte i full fart til eit hotell i Ålesund. Også den gongen var ein bombetrussel som skapte uro.
På nytt skreiv politiet at dei nedprioriterte å snakke med journalistar, men at meldinga til hurtigruta skapte bekymring.
– Folk har rett til å vite når noko skjer, det er heilt grunnleggande i eit demokratisk samfunn. Og då er redaksjonelle medium den viktigaste kanalen, seier Floberghagen.
Det er ikkje første gangen politiet lar vere å oppdatere folk om dramatiske hendingar.
I 2018 gjennomførte Norsk Journalistlag ei undersøking som viste at svært mange var misfornøgde med informasjonen frå politiet under kritiske hendingar.
Politiet avviser kritikken
Kenneth Sætre er politiinspektør og stabssjef og den som uttalar seg på vegne av politiet. Han seier han har full tillit til dei tilsette på operasjonssentralen, som avgjer kva som blir prioritert.
– Eg har full tiltru til dei operasjonsleiarane vi har. Det er rutinerte og flinke folk og dei gjer ein kjempegod jobb, og innimellom må dei ta knallharde prioriteringar, seier han.
– Kvifor set de ikkje inn kompetent personell som klarer å snakke med media umiddelbart når det skjer hendingar av det kaliberet der?
– Det blei gjort, vi hadde kommmunikasjonsmedarbeidarar som var på veg på jobb for å hjelpe.
– Men kvifor går det då så lang tid før dei kjem ut med pressemelding?
– Den bodskapen som politiet skal komme med må vere korrekt og presis.
– Klarer de ikkje det raskare?
– Nei, innimellom tek det tid, og slik blei det torsdag.
– Kan folk vere sikre på at dei får informasjon når det skjer noko alvorleg som dei burde vite?
– Operasjonsleiaren sin jobb er å varsle. Vi varslar dei etatane som skal hjelpe oss med akkurat det, og det er det vi prioriterer, seier han.
Han seier at det tok tid å kalle inn informasjonsfolk og at dei måtte bruke tid på å formulere eit presist bodskap for å unngå å skreme folk.
Kenneth Sætre er politiinspektør og stabssjef. Han seier politiet gjorde så godt dei kunne då meldingane om bombetruslar kom.
Foto: Remi Sagen / NRKDei to operasjonsleiarane i politiet som var på vakt då bombetruslane kom, er kjent med kritikken, men ønskjer ikkje å uttale seg til NRK.
Ordførar svarte på 40 telefonar
Ordførar Odd Jørgen Nilssen i Aukra var ein av dei første som fekk vite om bombetrusselen mot Ormen Lange. Han er tidlegare lensmann og skjønar godt at politiet fekk det travelt då dei skulle handtere det som potensielt var eit svært farleg situasjonen.
Nilssen var ein av dei som fekk titals journalistar på tråden. I løpet av dei første minutta tok han imot over 40 telefonar frå presse frå inn– og utland.
– Det var heilt umuleg å svare alle som ringde. Eg tok dei eg rakk, seier han.
Ordføraren i Aukra, Odd Jørgen Nilsen.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRKTvangsinnlagt etter falske truslar
Begge bombetruslane viste seg å vere falske, og mannen som sto bak er no tvangsinnlagt. Mannen i 60-åra er kjend for å ha skapt frykt ved å varsle om falske hendingar før.
Kenneth Sætre i politiet seier dei tek kritikken til seg og at dei no vil evaluere det som skjedde.
– Ei slik hending går vi gjennom og ser på i ettertid om vi kan gjere annleis. Når NRK skriv om at det er misnøye med vår mediehandtering vil bli gjenstand for ein gjennomgang, seier han.