Hopp til innhold

– Heile fjellpartiet ser ut å bevege seg meir samla

NVE beheld raudt farenivå for det rasutsette fjellpartiet Veslemannen. –Hastigheita går i bølger og plutseleg skjer det noko. Vi må vere forsiktige før vi setter ned farenivået i ein slik situasjon, seier geologen.

Pressekonferanse med NVE i Rauma kl. 18.00

Natt til søndag har det vore fleire steinsprang og auke rørsle ved det rasfarlege fjellpartiet Veslemannen i Rauma.

– Det er registrert 9 mm nedbør oppe på fjellet. Vi fekk ein reaksjon i dag tidleg og ein ytterlegare auke i hastigheita rundt kl. 12.00, Lars Harald Blikra, geolog i NVE.

Døgnhastigheita har vore oppe i mellom 20 og 40 cm i øvre del og 3 til 9 cm i nedre del.

– Generelt er det mindre forskjell mellom nedre og øvre del, så det ser ut som om heile fjellpartiet beveger seg meir samla, seiar Blikra.

Bevegelsane har blitt mindre i kveld, men NVE beheld likevel raudt farenivå.

– Men det går i bølger, plutseleg skjer det noko. Så vi må vere audmjuke og forsiktige før vi setter ned farenivået i ein slik situasjon, seier Blikra.

Det er minusgrader på toppen, sludd og litt snø. Det er meldt kaldare utover kvelden.

– Vi er spend på om fjellet vil stabilisere seg når det blir kaldare, men må berre vente og sjå, seier Blikra.

Pressekonferanse Mannan 21. oktober

Ordførar i Rauma Lars Olav Hustad og geolog i NVE Lars Harald Blikra på pressekonferansen søndag kveld.

Foto: Nils Atle Sundnes / NRK

Vurderar å køyre godstog med raudt farenivå

Politiet seier søndag kveld at dei no kan vurdere sikkerheita for kvar godstogavgang på Raumabanen i samråd med geologane. Dermed kan godstrafikken kanskje få gå som normalt, sjølv om det er raudt farenivå.

Fram til no har all togtrafikken vore stoppa når det har vore raudt farenivå.

– Vi skal ha eit møte med Bane Nord i morgon ettermiddag der vi skal diskutere dette. Sikkerheita vil sjølvsagt stå i høgsetet, seier Lars Olav Hustad, ordførar i Rauma.

Tungt å evakuere

Tysdag fekk dei elleve som bur under fjellet flytte heim etter å ha vore evakuert i ei veke. Men berre fire dagar seinare måtte dei igjen forlate heimane sine, då NVE valde å heve farenivået til raudt på grunn av meldingar om kraftig regn natt til søndag.

– Det var mange som tok det tungt å bli evakuert i går kveld. Klokka kvart over seks var det ikkje det dei ønska seg. Dei ville nok heller ha ein hyggeleg kveld i sofaen, seier Hustad.

Dermed måtte bebuarane under fjellet evakuere for sjette gong denne hausten, og for ellevte gong sidan 2014

Sensitivt for vatten

I morgontimane har bevegelsane auka noko som følgje av nedbøren, særleg i øvre del av området.

Ingrid Skrede

Ingrid Skrede, geolog i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Bevegelsane i den øvre og mest aktive delen har no ei døgnhastigheit på litt under 15 cm. I nedre del er bevegelsane på rundt 2–3 cm i døgnet. Sivilforsvaret sin lyttepost har også meldt om fleire steinsprang gjennom natta.

Fjellpartiet har vist seg å vere svært sensitiv for vasstilførsel og reagerer no raskare på nedbør enn tidlegare.

– Det er framleis meldt ganske mykje regn fram til i ettermiddag, så vi ser ikkje vekk ifrå at bevegelsane vil auke meir utover dagen, seier geolog Ingrid Skrede i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) søndag morgon.

NVE beheld difor raudt farenivå ved fjellet.

Fjellet Mannen i Rauma

Dei elleve som bur under fjellet Mannen har blitt evakuert seks gonger denne hausten.

Foto: Roar Strøm / NRK

Den øvre delen av det rasfarlege fjellpartiet har flytta seg 4,6 meter den siste månaden, medan den nedre delen har flytta seg 45 cm, viser målingar frå NVE.

Veslemannen har reagert raskt på nedbør denne hausten og NVE er no spent på kva effekt nedbøren som kjem søndag vil ha på fjellpartiet.

– Vi følgjer med på bevegelsane kontinuerleg, seier Skrede.

Les også:

Sjå video om kva som kan skje om det går eit ras frå Veslemannen eller Mannen.

Ingen vet når det vil komme et ras fra fjellet Mannen, men geologene vet at det vil skje. På fire år har deler av fjellet flyttet seg sju meter!

Sjå video om kva som kan skje om det går eit ras frå Veslemannen eller Mannen.