NRK Meny
Normal

Evakuert får flytte heim etter steinsprang

Anneli Florelius i Surnadal får flytte heim igjen etter at ein stein på fleire tonn ramla ned i hagen hennar.

Geolog på befaring etter steinsprang i Surnadal

Etter at geologen var på befaring ved heimen til Anneli Florelius i Surnadal konkluderte han med at det var trygt å flytte tilbake.

Foto: Bjørn Fjelnset

En stor steinblokk raste ned i hagen til en kvinne i Surnadalsøra

Denne steinen, på om lag seks tonn, ramla ned ein hage i Surnadal ondag.

Foto: Bjørn Fjelnset / EB Video AS

Florelius har vore evakuert og budd på hotell sidan onsdag kveld på grunn av steinspranget som endte tett inntil huset hennar.

Sjølv meiner ho at det kunne gått veldig ille viss det var nokon i hagen då det skjedde.

Fredag var ein geolog på befaring for å vurdere rasfaren. Han konkluderte med at det var trygt å flytte tilbake.

– Det er ikkje fare for at fleire steinar vil ramle ned, seier kommunalsjef i Surnadal, Inge Skogheim.

Men kommunen anbefalar likevel å reinske det bratte området for at det ikkje skal skje fleire ras.

Ikkje uvanleg med ras i området

Politiet fekk melding om steinblokka onsdag kveld, og deretter reiste teknisk vakt i Surnadal ut til området for å sjå steinspranget.

Ifølgje politiet er det ikkje uvanleg med steinras i området.

Ei kvinne er evakuert etter at det landa ei steinblokk på flere tonn i hagen hennes.

Intervjuet er gjort av Ann Beckstrøm. Foto av Bjørn Fjelnset.