NRK Meny
Normal

– Det har vore heilt forferdeleg

Politiet har evakuert dei næraste naboane i Langevåg etter funn av mistenkeleg pakke.

Åse Hoddevik

Åse Hoddevik var den som fann pakken. Ho er livredd og får no ikkje vere i huset sitt medan bombegruppa jobbar.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Mistenkelig pakke i Langevåg

Brannvesen og ambulanse står klar når bombegruppa skal undersøke pakken.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

SISTE KL 11:40: Bombegruppa har uskadeleggjortpakken og skote hol i den med vassgevær. Dei har lyst gjennom den mistenkelege pakken som vart funnen i går, men veit framleis ikkje kva den inneheld.

Pakken vart i går funnen med gaffateip og eksplosivkjennerteikn utanpå. For å vere heilt sikre, har dei no evakuert dei aller næraste naboane i bustadområdet.

– Dette er måten dei jobbar på og er rein rutine. Det er ingen dramatikk, seier operasjonsleier Tor Andre Franck ved Sunnmøre politidistrikt.

Bombegruppa består av to ekspertar og to hundar.

Reagerte med sjokk

Mistenkelig pakke i Langevåg

Åse Hoddevik fann denne pakker 10 meter frå huset sitt i går.

Foto: Otto Jan Hoddevik / NRK

Åse Hoddevik var den som fann pakken i går kveld 10 meter frå huset sitt. Ho reagerte med sjokk då ho såg eksplosivmerket utanpå.

– Eg ropte på mannen min og vi tok kontakt med politiet og sendte dei bilete av pakken, seier Åse Hoddevik.

Ho er redd og har nesten ikkje sove. Natta beskriv ho som heilt forferdeleg fordi ho har tenkt på pakken som kan innehalde eksplosivar.

Politiet har halde vakt i heile natt, og meinte at det var trygt for naboane å ligge heime.

Rampestrekar

Åse Hoddevik synest det er heilt greit at ho no vart evakuert medan bombegruppa arbeider. Ambulanse og brannvesen står parate.

– Dette er ikkje noko triveleg i det heile teke. Det kan vere sprengstoff i pakken eller det kan berre vere nokon som har gjort rampestrekar, seier Hoddevik.

Ho og mora på 92 år står no 150 meter frå huset og ventar på at bombegruppa skal finne ut kva pakken inneheld.

Farleg gods

Tor Steinar Hovden er også nabo. Han jobbar som lastebilsjåfør og er ikkje ukjend med farleg gods.

– Eg ser slike pakkar ofte og eg vil seie at klistremerket utanpå pakken er veldig likt dei originale merka som vert brukt på eksplosiver som vi transporterer, seier Hovden.

Turte ikkje ligge heime

Ann Helen Strifelt synest at det er ekkelt at slikt skjer i nabolaget. Ho har ein to år gamal son og syntes det var så skremande i går kveld, at familien valgte å overnatte ein annan stad.

– Dette er eit roleg strøk med mange ungar, seier Strifelt. Ho og naboane er glad for at det ikkje var born som fann pakken.

Fleire hus vart evakuerte etter funn av ein mistenkeleg pakke i Langevåg ved Ålesund. Politiet undersøkte pakken måndag føremiddag.

Politiet undersøkte den mistenkjelege pakken i Langevåg måndag føremiddag.