Hopp til innhold

Har sperra av større område i Molde

Politiet har sperra av rutebilstasjonen i Molde og delar av Storgata etter ein eksplosjon.

Eksplosjon Molde 030216

Politiet har evakuert eit større område i Molde etter det som truleg var ein eksplosjon.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det var i 10.00-tida onsdag at politiet fekk melding om at det hadde skjedd ein eksplosjon i Molde. Eksplosjonen skjedde under graving i samband med rivingsarbeid i eit eldre hus bygd i 1949.

Eksplosjon Molde

Både rutebilstasjonen og Storgata i Molde er sperra av.

Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

Politiet kan så langt ikkje seie noko om kva som har eksplodert, men smellet skal ha kome frå eit anleggsområde like ved rutebilstasjonen.

– Det er uklart om det framleis er eksplosivar i grunnen, og vi vil undersøke det no. På grunn av dette har vi valt å evakuere både dei som arbeidar på staden og andre personar som var i Storgata, seier Arnstein Nilsen, visepolitimeister i Møre og Romsdal.

Politiet har valt å sperre av eit større område som mellom anna inkluderer rutebilstasjonen og delar av Storgata.

Fleire av dei som jobbar ved butikkar rundt rutebilstasjonen er også evakuerte. Både politi, brannkorps og ambulanse er no på staden.

Politiet har sperra av rutebilstasjonen i Molde og delar av Storgata etter smell frå mogleg eksplosiv.

Sjå siste nytt frå Molde.

Skal undersøke området

Nilsen seier at det er for tidleg å seie noko om kor stor eksplosjonen har vore og kva som skal ha skjedd.

Arnstein Nilssen

Visepolitimeister i Møre og Romsdal Arnstein Nilssen.

Foto: Sissel Helen Kvalvik / NRK
Eksplosjon Molde 030216

Politiet patruljera gatene i Molde.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Vi er interessert i å vite om det er meir eksplosivar i grunnen, og vi er litt forsiktige med å uttale oss om kva dette kan vere. Det kan vere eksplosivar frå krigens dagar, men det er foreløpig berre spekulasjonar frå mi side, seier han.

– Kor sikre er de på at det har skjedd ein eksplosjon?

– Eg må vere forsiktig med å uttale meg for sikkert, men det har heilt klart vore ein eksplosjon og sannsynlegvis har det vore eksplosivar, men utover det så er det vanskeleg å seie noko konkret, seier Nilsen.

Politiet kjem til å halde området avsperra til bombegruppa har fått gjort nødvendige undersøkingar. Politiet vil i tillegg avhøyre vitne og undersøke grunnen for å sikre seg at det ikkje blir fleire eksplosjonar.

– Vi vil no gjere undersøkingar med nødvendig kvalifisert personell for å sjå om det er meir eksplosivar i område, seier Nilssen.

Ingen er skadd

Ingen skal vere skadd i eksplosjonen.

– Det er ingen som er skadd eller på anna måte har blitt forulukka, men vi har som sagt sperra av eit større område, og vi ber også folk om å vere forsiktige, halde seg til dei avvisningane politiet gjer og ikkje bryte sperringane, seier Nilssen.

Trafikken til og frå rutebilstasjonen blir no omdirigert.

Vart evakuert

Evakuering i Molde

Dei tilsette ved fiskehandlaren Horsgaard & co. i Molde er blant dei som er evakuerte.

Foto: Kjell Rune Kirkeland

Dei tilsette ved fiskehandlaren Horsgaard & co. i Molde er blant dei som er evakuerte.

– Vi opplevde ikkje situasjonen som dramatisk, men vart overraska då det plutseleg kom veldig mykje politi, seier dagleg leiar Kjell Rune Kirkeland.

Kirkeland og dei andre tilsette er no evakuert til baksida av butikken.

– Politiet har sperra av eit stort område, fortel han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL