Hopp til innhold

Elise og Eva har allereie sommarjobben i boks – Her er fem tips til jobbsøknaden

Elise og Eva har allereie sikra seg årets sommarjobb. Men det er langt fleire jobbar å søke på i år enn tidlegare, og det er ikkje for seint. Her får du tips til søknadsskrivinga.

Elise Strand Knutsen og Eva Klepsvik går helsefag i Volda, og har allereie fått seg sommarjobb. Elise har langt lyst hår og svart hettegenser. Eva har brunt hår i ein hestehale og kvit hettegenser. Dei står saman i øvingsrommet på skulen og ser i kamera og smiler.

Elise Strand Knutsen og Eva Klepsvik går andre året på vidaregåande. Dei har begge vore tidleg ute med å skaffe seg jobb til sommaren.

Foto: Elin Kristin Raudøy / NRK

Det er veldig tryggande å vite at eg har ein jobb og noko å gå til i sommar, seier Elise Strand Knutsen. Ho har alt skaffa seg sommarjobb på omsorgssenteret i bygda.

Tal frå NAV viser at det er langt fleire sommarjobbar å søke på i januar i år, samanlikna med tidlegare år.

Tal frå Finn.no viser også at dei har meir enn dobbelt så mange annonsar for sommarjobbar no enn for berre fem år sidan. Det er med andre ord gode sjansar for å tene litt ekstra pengar i sommar.

Elise Strand Knutsen går helsefag på Ørsta vidaregåande skule. Ho har langt lyst hår, og har på ein svart hettegenser med blå flammar på ermet. Ho breiar dyna over øvingsdokka som ho har lagt i ei seng.

– Det er givande å vere rundt eldre personar. Det er veldig kjekt å prate med dei, og det er så mykje meir enn stell og slikt, seier Elise Strand Knutsen.

Foto: Elin Kristin Raudøy / NRK

– Ikkje for seint å søke

I fjor var mars månaden der det var flest ledige sommarvikariat, med 11.359 jobbar. I år er talet på ledige ferievikariat omtrent like høgt allereie i januar, med 11.339 jobbar.

– Vi ser at allereie i januar blir mange sommarjobbar lagt ut. Men det er aldri for seint. Det er berre å følge med og søke på dei jobbane ein vil, seier Karoline Linderud i NAV Jobblyst.

Også Eva Klepsvik har vore tidleg ute med å sikre seg jobb for sommaren. For henne var det starten på det nye året som var nøkkelen.

– Dette er min første jobb. Eg søkte mange stadar i fjor sommar, men då var det nesten umogleg. Det er mykje enklare det året ein fyller 18 år, så med ein gang det vart januar søkte eg igjen.

Elise Strand Knutsen og Eva Klepsvik går helsefag i Volda, og har allereie fått seg sommarjobb. Bildet viser dei to som har lagt øvingsdokka på skulen opp i ei seng.

På skulen øver Knutsen og Klepsvik på stell av eldre og pleietrengande.

Foto: Elin Kristin Raudøy / NRK

Tips til jobbsøknaden

Karoline Linderud i NAV Jobblyst rettleiar unge som tek kontakt på Snapchat og Facebook, og hjelper dei med å skrive jobbsøknadar. Ho gir fem tips til jobbsøkinga.

Motivasjon

– Viss ein har lite arbeidserfaring så er det viktig å få fram kvifor ein er motivert til akkurat den jobben.

Karoline Linderud i NAV Jobblyst. Karoline har langt brunt hår, har på seg ei kvit t-skjorte med ei svart dressjakke utanpå, og ser i kamera.

Karoline Linderud i NAV Jobblyst har hjelpt fleire unge og meir uerfarne jobbsøkarar med å skrive søknad.

Foto: NAV Jobblyst

All erfaring gjeld

– Har ein hatt ein liten småjobb for naboen, vore dyrepassar eller barnevakt? Har ein hobbyar ein kan fokusere på? Sjølv om det ikkje er ein jobb så har mange eitt eller anna å vise til.

Sjekk utlysingsteksten

Når det blir lyst ut ei stilling så har gjerne arbeidsgivar nokre krav til både utdanning og personlege eigenskapar og erfaringar. Dette er lurt å hugse på, seier Linderud.

– For å svare på dei kan det vere lurt at etter ein har skrive søknaden, så går ein tilbake til utlysingsteksten, for å dobbeltsjekke at ein har fått med alt dei vil ha svar på. Gjerne bruk mange av dei same orda som står i utlysingsteksten.

Les også Vil du ha sommerjobb? I år er sjansene ekstra gode

Sondre Kirkhus på sommerjobb for Parkvesenet i Kristiansand kommune.

Ver open og ærleg

Nokre har kanskje hol i CV-en, som følge av ei sjukdomsperiode, eller andre ting som gjer at ein ikkje har studert eller hatt jobb.

– Viss ein har hol i CV-en anbefaler vi at ein er ærleg med arbeidsgivar om kvifor ein har det. Og er det noko ein har gjort i den perioden som kan vere med å styrke søknaden? Til dømes kan ein skrive om ein har vore fotballtrenar eller jobba som frivillig.

Elise Strand Knutsen og Eva Klepsvik går helsefag i Volda, og har allereie fått seg sommarjobb. Elise har køyrt rullestolen med øvingsdokka bort til senga, og Eva gjer klart til å løfte dokka oppi senga.

Eva Klepsvik trur òg det kan vere nyttig å finne ein mal som viser korleis ein kan sette opp ein CV og søknad.

Foto: Elin Kristin Raudøy / NRK

Jobbintervjuet

Linderud seier mange har høyrt om at ein gjerne skal fortelje tre positive og negative ting om seg sjølv på jobbintervju. Men det bør ein ikkje fokusere på, meiner ho.

– Ikkje dra inn ting du tenker er negativt med deg sjølv. Fokuser på det positive og kva motivasjon du har for jobben.

I tillegg anbefaler ho å lese gjennom sin eigen søknad før ein møter på jobbintervju.

– Ver sikker på kva du har skrive, for det kan du få spørsmål om. Les også CV-en din og utlysingsteksten til stillinga.

Les også Toppledernes tips: Disse tabbene må du unngå for å lande drømmejobben

Petter Stordalen

– Ta kontakt og vis kven du er

Elise Strand Knutsen har også eit tips til andre som er på leiting etter sommarjobb, og ikkje har ein fyldig CV å vise til.

Eg trur det handlar om å dra ut til arbeidsplassen og vise seg. Sei litt om deg sjølv og fortel at du har sendt søknad og håpar på positivt svar. Då trur eg du har kome ganske langt.

Elise Strand Knutsen og Eva Klepsvik går helsefag i Volda, og har allereie fått seg sommarjobb. Elise har langt lyst hår og svart hettegenser. Eva har brunt hår i ein hestehale og kvit hettegenser. Dei står saman og ser i kamera.

Elise Strand Knutsen har sjølv sett at det fungerer å ta direkte kontakt med arbeidsgivar, då ho hjelpte ein venn med å få jobb. – Ho var eigentleg utelukka fordi ho ikkje hadde helseutdanning, men på grunn av meldinga ho sende så fekk ho jobben.

Foto: Elin Kristin Raudøy / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL