NRK Meny
Normal

Fire til sjukehus etter steinskred

Ei kvinne er lettare skadd etter at eit steinskred gjekk over vegen på Rjåneset i Ørsta tidleg torsdag morgon. Europaveg 39 blir tidlegast opna i ettermiddag.

Rasstaden ved Vartdalsstranda

Europavegen i Ørsta blir ikkje opna før torsdag ettermiddag etter steinspranget tidleg om morgonen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ein geolog er på veg til skredstaden, og kjem til å vere på plass rundt klokka 11.

– Så vil geologen si kartlegging av området og behov for sikringstiltak avgjere når ryddinga av vegen kan starte, seier prosjektleiar Odd-Einar Hjellen i Statens vegvesen.

Ein bil blei treft av ein stein i dag tidleg, og ifølge ei pressemelding frå Helse Møre og Romsdal blei ei kvinne lettare skadd. Tre andre personar blei skrivne ut etter kort tid.

Europavegen er stengd

Sjå video frå området.

Må berekne god tid

Vegvesenet legg opp til omkøyring via fylkesveg 653 Eiksundtunnelen og ferjesambandet fylkesveg 61 Hareid – Sulesund.

Dei var tidleg i kontakt med ferjeselskapa for å auke kapasiteten. Det har resultert i at ei av ferjene i sambandet Festøya – Solavågen er flytta over til Hareid – Sulesund.

Det er skilta omkøyring på Furene i Volda og på Solavågseidet.

– Likevel må trafikantane som vanlegvis køyrer E39 i Ørsta rekne seg god tid. I tillegg ber vi folk om å halde hovudet kaldt i ferjekøane, seier Hjellen.

Vegvesenet har mannskap på kaiene for å overvake trafikken.