Ettersløkkinga held fram

Ifølgje innsatsleiar i politiet, Morten Hammerås, har brannvesenet igjen fleire timar med ettersløkking etter brannen i Kristiansund i natt. – Det er ustabile konstruksjonar i huset. Det rasar innover, seier Hammerås til NRK. Dei evakuerte personane i dei to nabohusa kan ikkje flytte tilbake igjen med det første. – Desse to husa er ikkje eigna til å bu i på lang tid, kommenterer Hammerås.