Hopp til innhold

Ettersløkking og nedkjøling av gassflasker

Brannmannskap har heile natt til måndag drive ettersløkking etter ein kraftig brann i ein låve som brann ned i Molde. Dei driv måndag morgon nedkjøling av gassflasker som var i løa, som ligg i Osen, inst i Fannefjorden. Rundt 20 personar måtte evakuere på grunn av eksplosjonsfare. I løpet av natta blei tryggleikssonen sett ned til 300 meter og alle naboane fekk lov å flytte heim igjen.