Hopp til innhold

Fleire har tipsa om den sakna somaliske kvinna

Politiet i Nordmøre og Romsdal etterlyser 18 år gamle Sucaado Hassan Wardhere. No er Kripos kopla inn.

Sucaado Hassan Wardhere

Sucaado Hassan Wardhere har vore sakna sidan slutten av november.

Foto: Politiet

Den somaliske kvinne har vore sakna frå heimen sin i Molde sidan slutten av november. Etter at politiet gjekk ut med etterlysing av ho har dei fått inn fleire tips.

Politiinspektør Ove Brudevoll ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt seier at dei er takknemmelege for alle tips, og legg vekt på at alt er av interesse.

– Vi har starta med å undersøke fleire ulike område for å finne ut kvar ho kan ha tatt vegen, seier Brudevoll til NRK kl. 15 torsdag.

Han legg til at dei ønskjer alle opplysningar dei kan få, sjølv om det kan verke uviktig.

Brudevoll seier til Romsdals Budstikke torsdag kveld at dei har bede om bistand frå Kripos. Ein person har kome til Molde for å hjelpe til med taktisk etterforsking og analyse.

Kan ha fødd barnet

Brudevoll fortel at dei har ingen indikasjonar på at det har skjedd noko kriminelt, men dei held alle moglgheiter opne.

Kvinna var høggravid då ho forsvann og hadde termindato 30.11.2014. Politiet trur ho no kan ha fødd barnet.

– Det gjer at vi er uroa for helsa til både kvinna og barnet, seier politiinspektør Ove Brudevoll ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Wardhere er om lag 158 cm høg og slank. Ho kom frå Somalia til Norge for få månader sidan og snakkar berre somali.

Ynskjer tips

Kvinna blei meldt sakna 5. desember, men forsvann truleg ein gong mellom 25. og 28. november. Det var familien til kvinna og helsevernet som melde henne sakna.

– Dei blei uroa då ho ikkje melde seg som avtalt, seier Brudevoll.

Politiet sette i gong undersøkingar for å prøve å finne kvinna, og Brudevoll fortel at dei har utforska ei rekke spor, men har i dag inga meining om kor den sakna kvinna oppheld seg eller kva som har skjedd med henne.

Politiet ønsker difor å komme i kontakt med den sakna eller andre som kan ha opplysningar om henne eller andre ting som kan vere viktig i saka.

Tips til politiet blir tatt imot på telefon: 71 19 20 31.