NRK Meny
Normal

Etterlyser to menn etter fleire innbrot i Ulstein

Politiet etterlyser to menn etter fire bustadinnbrot på høglys dag i Ulstein dei siste dagane.

Laster kart, vennligst vent...

Fire innbrot i hus på tre dagar i Ulstein, gjer politiet uroa. No ber dei om tips om to mørkhåra menn.

Dei siste dagane har det vore fleire innbrot i heimar i Ulstein. No ber politiet om tips om to menn, som skal ha blitt observert i Ulstein. Dei understrekar at dei ikkje veit endå om dei har med innbrota å gjere.

Vi ønskjer å kome i kontakt med to menn som har vore observerte i bustadfeltet Varleite, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle i Møre og Romsdal politidistrikt.

Fire innbrot på høglys dag

Det første innbrotet skjedde like ved Høddvoll onsdag, torsdag var det eitt innbrot i Varleite og eitt på Haddal. Det fjerde, i Ulsteinvik sentrum, blei varsla til politiet fredag ettermiddag.

– Vi veit ikkje sikkert om det er samband mellom innbrota, men dei har fellesnemnarar som at det har skjedd på høglys dag og at det er stole lettomsettelege verdigjenstandar som er lette å ta med seg, seier ho.

Mørkt hår på begge

Den eine var kledd i turkis/blå jakke, dongeribukse og mørke sko med kvit sole.

Den andre var kledd i mørk jakke med grøne detaljar, hadde kvite sko og bar på ein grøn ryggsekk. Begge hadde mørkt/svart hår.

– Innbrot i private bustader er ei alvorleg krenking, difor prioriterer vi slike saker, seier Hjelle.