Hopp til innhold

Etterlyser nye moskusobservasjoner

Statens Naturoppsyn i Oppdal har ikkje fått nye observasjonar av moskus i området ved Grøvudalen i Sunndal. No etterlyser dei nye observasjonar.

Moskus ved Grønbakken på Dovre

OBSERVASJONAR: Statens Naturoppsyn i Oppdal etterlyser nye Moskusobservasjonar.

Foto: Bjarte Johannesen

Tidens Krav skreiv fyrst om saka tidlegare denne veke. Totalt sju moskus blei sett i området inst i Grøvudalen i Sunndal. Dersom dyra blir plagsomme for menneske kan dei bli avliva.

Assisterande miljøverndirektør his Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Ulf Lucasen, meiner det ikkje er rett å avlive dei no når villreinjakta nettopp har starta.

– Eg har ikkje skjønt det slik at det er eit akutt problem. I tillegg er det bra med folk i fjellet, seier han.

Han meiner ein skal vere forsiktige med å leggje opp til for mykje spetakkel og styr.

Ynskjer tips

Dei sju moskusdyra kan forsøke å etablere seg i området Grøvudalen, men dette er fleire mil utanfor det området vi skal ha moskus i Noreg.

Frode Aalbu i Statens Naturoppsyn i Oppdal seier dei er svært interessert i å få inn meldingar dersom nokon ser moskus i området.

Blir dei truande for menneske så kan dei bli avliva. Lucasen seier det bør ligge på vent så lenge dyra ikkje plager nokon.

– Det blir meir eit forvaltningsspørsmål. Er det då rett å ta ut dyra så kan ein velje det tidspunktet som skapar minst problem for andre interesser og verdiar i høgfjellet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL