- La Maria Amelie bli

Møre og Romsdal SV etterlyser ein større debatt om statusen til papirlause innvandrarar. Samtidig krev dei at Maria Amelie får bli i landet.

Olav Hauge

Olav Hauge er leiar i Møre og Romsdal SV. Han etterlyser ein debatt om korleis ein kan hjelpe papirlause innvandrarar til ei betre framtid.

Foto: Aina Rødal / NRK

Leiar, Olav Hauge, i Møre og Romsdal SV meiner styremaktene burde lagt vekt på at Maria Amelie kom til Noreg som barn, og dermed har større tilknyting til Noreg enn landet ho opphaveleg kom frå.

– Bør få opphald

Papirlause Maria Amelie sit no på Trandum ventemottak, etter ho vart pågripen på Lillehammer tidlegare denne veka.

Maria Amelie

Maria Amelie bør få bli, meiner Møre og Romsdal SV.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

I går gjekk forfattar Edvard Hoem ut med krass kritikk av styresmaktene si behandling av forfattarkollegaen.

Olav Hauge i Møre og Romsdal SV er heller ikkje nådig.

– Det er muleg at Maria Amelie ikkje fyller krava for å få asyl i Noreg, men ho bør no få asylsaka omgjort til ein arbeidsinnvandringssøknad, eller opphald på humanitært grunnlag på grunn av tilknytningsaspektet, skriv Hauge i eit lesarinnlegg til alle mediebedrifter i Møre og Romsdal.

– Maria Amelie er ein ressurs for Noreg. Ho har fleire jobbtilbod her i landet, og det må vere lov også for UDI å bruke sunn fornuft, legg han til.

Etterlyser debatt

Møre og Romsdal SV meiner saka viser at det er behov for ein større debatt om statusen til ulovlege innvandrarar.

– Mange EU-land har no gjennomført tiltak for å få ei løysing på den umulege situasjonen desse papirlause er i.

– Vi må no ta debatten om korleis også vi i Noreg kan gi desse medmenneska ei verdig framtid, skriv Olav Hauge, leiar i Møre og Romsdal SV.